Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

130 millionar ekstra for jordkabel over Radøy

Del | |
RADØY: Dersom BKK skal leggja ei kraftlinje frå Mongstad til Kollsnes i jordkabel over Radøy, vil det kosta 130 millionar meir enn eit luftspenn. (Illustrasjon: BKK)
Publisert 27.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Det viser utrekningar som Bergenshalvøens kommunale kraftverk (BKK) har gjort. Selskapet sender i desse dagar ei melding til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), der BKK legg fram to alternativ for kraftlina. Det eine alternativet kombinerer sjøkabel med luftspenn, og er kostnadsrekna til 300 millionar kroner, heiter det i ei pressemelding frå BKK. I det andre alternativet er det lagt opp til nesten berre sjøkabel og jordkabel, og dette er kostnadsrekna til 430 millionar kroner.
BKK har ikkje avgjort om dei vil bygga kraftlina.

Overskot på Mongstad
BKK planlegg ei ny 300 kilovolts kraftline mellom Mongstad og Kollsnes ut frå at dei meiner at kraftnettet i regionen er for dårleg. Selskapet veit at det i Kollsnes-området er ein aukande trong for straum, med den industriveksten ein har der i dag. Samstundes planlegg Statoil eit gasskraftverk på Mongstad, og både Fred Olsen Renewables og Agder Energi har planar om vindmøller i Gulen.
Med eit mogleg overskot av straum i Mongstad/Gulen-området i framtida, og i tillegg stor produksjon på Matre og resten av Masfjorden, ser BKK trong for eit betre straumnett ut til Kollsnes der ein treng meir straum.
? Innanfor sitt område er det BKK som har ansvaret for at straumnettet er trygt og forsvarleg, heiter det i pressemeldinga.

To alternativ
Opphavleg hadde BKK to hovudalternativ til korleis kraftlina skulle kryssa Radøy, og i begge desse inngjekk det luftspenn. Når selskapet no sender melding til NVE er den sørlegaste traseen for luftspenn teke ut, og i staden er det teke inn eit alternativ med jordkabel over Radøy. I pressemeldinga heiter det at BKK no meiner at jordkabel ikkje treng verta så dyrt som ein har meint tidlegare.

Lang prosess
Når BKK no har sendt melding til NVE, er det NVE som skal avgjera kva konsekvensutgreiingar som må gjerast for dei to alternativa.
? Når alle fakta er henta inn, vil BKK søka om konsesjon for det alternativet som samla sett kjem best ut, heiter det i pressemeldinga.
? Deretter vert det ein ny runde med høring og folkemøte i regi av NVE. Etter at NVE gjer sitt konsesjonsvedtak, kan alle partar klaga det vedtaket inn til Olje- og energidepartementet.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler