Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 
150 sider med unike elevminne

150 sider med unike elevminne

Del | |

ASKØY/MELAND: Kjem du frå nordre Holsnøy, er over 50 år og har gått på Herdla Internatframhaldsskule, er det stor sjanse for at du er komen mellom to permar.

Publisert 07.12.11 15:57
Endret 07.12.11 15:56

– Hadde eg kunna ønskt meg ein ting på nytt her i livet, så var det å gå framhaldsskulen oppatt, seier Roger Fauskanger (bildet).

Han er forfattaren sin representant i arbeidet med boka, som vert sleppt førstkomande søndag på Herdla museum.

Vart bråvaksen
Fauskanger gjekk der i 1960-61, og vart bråvaksen det året han gjekk der, fortel han.

– Når ein ikkje reknar rein bokleg lærdom, er det dette året som har gitt meg mest her i livet, seier han.

Over 300 bilde
Etter at Fauskanger i juni begynte for alvor å jobba med boka, har han samla inn over 300 bilde.

– Det var ikkje så vanskeleg å få tak i bilde frå min klasse, men resten vart det ein god del telefonar i kreti og pleti for å få tak i.

Fotoapparat var ikkje akkurat allemannseige.

Og no har eg funne ut at det var jentene som var dei ivrigaste fotografane, ler han.

Å få tak i bilde frå absolutt alle dei 20 klassane som har gått der, har han ikkje klart, men dei fleste er representerte, fortel han.

Blant bilda er også klassebilde og bilde av alle lærarar, med namn og kor tid dei var der.

Kulturell skattekiste
Grunnmanuset til boka, vart skrive i 2000 av styrar Olav Bjarne Hersvik.

Men på det tidspunktet var det ikkje så stor interesse blant dei ein hadde rekna med ville gje støtte til boka.

Difor vart manuset lagt på is, til det ganske tilfeldig vart tema igjen under ei 50-årskonfirmantsamling.

På ei jubileumssamling seinare, fekk dei Hersvik til å grava fram manuset att og halda eit innlegg på festen. Han så gjorde, så det gnistra, fortel Fauskanger.

Dermed var gnisten tent på nytt, og arbeidet med å gjera manuset meir lesarvenleg kunne starta.

Denne gongen tende både fylkeskommunen og kommunane Askøy, Øygarden og Meland på prosjektet og har dermed støtta boka økonomisk.

– Boka er trykt opp i 800 eksemplar, så her skulle vera rikeleg til alle, smiler Fauskanger.

Boka kan sjølvsagt kjøpast på boksleppet førstkomande helg, men også i kommuneadministrasjonane til dei tre kommunane.

 

Fakta:

Om skulen:
• Vart etablert i 1946.
• Skulle sikra ungdommen opplæring ut over folkeskulenivået.
• Vart avløyst av ungdomsskulen i 1966.
• 932 elevar har gått på skulen.
• På det meste hadde skulen årskull på 60 elevar.
• Tidleg på 60-talet vart det diskutert om skulen skulle bli obligatorisk, men dette vart ikkje noko av.
• Elevane kom hovudsakleg frå nordre del av noverande Meland kommune, nordre del av noverande Askøy kommune, midtre del av noverande Øygarden kommune samt Turøy og Misje (sjå kart)
• Då det i dette området var over 2000 øyar, holmar og skjer, måtte elevane bu på internat.
• Det var svært få såkalla internatframhaldsskular her i landet.
• I helgane vart elevane frakta heim og tilbake blant anna av fiske- og fraktebåten Sleipner. Hjeltefjorden kunne vera ganske traumatisk for enkelte.

 Skulesystemet:
• Grunnskule: 1. til og med 7. klasse
• Framhaldsskule: 8. klasse
• Realskule: Tre år frå og med 9. klasse
• Gymnas: Tre år etter realskulen.

Les meir om korleis livet på skulen arta seg i Strilen si papir- eller PDF-utgåve torsdag !!!!!

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler