Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

16 førelegg etter stor politiaksjon

Del | |
Det vart skrive ut 16 bøter etter storaksjonen som politiet gjennomførte fredag ettermiddag og kveld, opplyser lensmann Einar Vatne.
Publisert 24.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Aksjonen var eit samarbeid mellom politiet, Trygg Trafikk, Vegvesenet og trafikkskulane, og var ein kombinasjon av kontroll og informasjonskampanje. Ti av bøtene vart skrivne ut ved Åse, to på Hjelmås og fire på Flatøy. Høgste fart vart målt til rundt 100 km/t i 80-sona ved Åse.
Ein bil vart også avskilta på grunn av dårleg teknisk stand og at bilen ikkje var framstilt for EU-kontoroll. Ein del bilførarar fekk også skriftlege pålegg for tekniske feil, fortel Vatne. Han reknar aksjonen som vellukka, og dei fekk delt ut svært mykje informasjonsmateriell også. På Åse fekk dessutan folk testa korleis det er å kollidera i 8 km/t, i installasjonen «bråstoppen». Ifølgje arrangørane set ein seg ikkje i bilsetet utan bilbelte den første tida etter den testen. Andre fekk også prøva «Velte-Petteren», som er ein kupe som kan snuast rundt. Der fekk folk oppleva korleis det kjennest når bilen veltar.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

    – Spesielt å stå på toppen

    – Spesielt å stå på toppen

    Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

      Lindås-Bør bør opplevast

      Lindås-Bør bør opplevast

      Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

        Hipp hipp hipp hurra!

        Hipp hipp hipp hurra!

        Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

          MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

            Meland veks fortast

            Med ein folkevekst på 70 i første kvartal i år har Meland den prosentvis største auken i Hordaland.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler