18-årig jurist arbeider for bygda
Endret 20.08.07 10:49
Sjur slutta i den offentlege skulen då han var 11 år. Etter
det har han fått heimeundervisning av foreldra. I ein alder av 13 vart familien
sitt gardsbruk skøytt over på han, og han fekk ansvar for rekneskapen. Då han
var 14 byrja han på gymnaset som privatist, og gjorde tre års skulegang unna på
nærare to år.
? Etter gymnaset har han tatt fleire realfag, samt tatt
juridisk embetseksamen, seier systera Signhild.
Av realfag har han 90 studiepoeng i basisfag og 90 i valfag.
På to år har han gjort unna arbeid som normalt tar 9 1/5 år.
Vanskelege fag
? Eg les kanskje ein time eller to kvar dag, så eg har ikkje
studert så veldig hardt, seier Sjur Dyrkolbotn beskjedent.
Dei vanskelegaste faga Sjur har lese, er realfaga. Det krev
meir enn å berre lesa pensum. Ein må rekna oppgåver og helst følgja
førelesingane.
? Matematikkfaga er ikkje til å spøka med. Kalkulus og
algebra er fæle ting. Det kan vera ganske morosamt når ein set seg inn i det,
men det er skummelt å gå opp til eksamen når ein berre har skumlest pensum,
seier Sjur.
Han innrømmer at karakterane kanskje er litt under middels i
desse faga.
? At eg er så utålmodig har også sine negative sider.
Populær
Laurdag var Sjur på møte om ein ny Aksjon Bygde-Noreg. Der
var det journalistane som vart utålmodige. Når Sjur først stilte opp til
intervju, var det mange som nytta høvet til å få ein prat med den intelligente
18-åringen.
? Sjur likar seg ikkje så godt i rampelyset, og har
tidlegare takka nei til fleire aviser, mellom anna Aftenposten, seier syster
Signhild Dyrkolbotn.
Då han laurdag sa ja til å stilla til intervju, var det i
samanheng med Aksjon Bygde-Noreg.
Ikkje for å snakka om seg sjølv og den superkjappe
utdanninga si.
? Eg er ikkje noko interessert i personlig eksponering. Det
som er interessant, er om ein kan setja søkelyset på litt andre saker utanom
det personlege. Sidan eg kjem frå Dyrkolbotn, er det naturleg for meg å kjempa
for bygda. I tillegg har eg litt å seia om kvalitetsreforma ved Universtiteta,
seier Sjur.
Å få til eit engasjement rundt bygdesaka er vanskeleg, men
også viktig meiner 18-åringen. Han vil har fridom til å velja kvar han sjølv
skal bu, men slik det er i dag, ser det ut til at han vert nøydd til å flytta
vekk for å kunna studera og arbeida.
? Eg måtte ta juristutdanninga no, fordi kvalitetsreformen
ville gjort det umogleg for meg gjere utdanninga unna på min eigen måte. Eg
måtte setja i gong fort, før alt vart obligatorisk, seier Sjur.
Han ser på kvalitetsreformen meir som ein kontrollreform.
Draumen hans er at ein skal stå friare i vala ein gjer. Om
ein har lyst å bu i Dyrkolbotn medan ein studerar og etterpå, så skal ein ha
høve til det.
Mange alternativ
Dei organiserte fritidstilboda i Dyrkolbotn er det dårleg
med, men Sjur likar å ta bruk av naturen til å gå på turar, eller på ski.
? Men eg er kanskje litt for glad i sofaen og fjernsynet,
smilar han.
Akkurat som dei fleste ungdommar. Men dei aller færraste
18-åringar tenkjer på kva dei vil forska på til doktorgraden sin.
? No framover har eg eigentleg fleire alternativ. Eg kan
vurdera å byrja som advokatfullmektig, eller halda fram med å ta litt fleire
realfag. Eg kan også ta opp att sisteavdeling på jus, ettersom eg berre fekk D.
Og eg vil tenkja litt på doktorgraden.
Først på lista til 18-åringen står oppkøyringa. Det skulle
ikkje ta alt for lang tid for den utålmodige studenten.
? Eg må berre ta teoriprøven først.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Lindås-Bør bør opplevast
Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]






