20 kroner i bompengar på Nordhordlandsbrua
Det skal gje 341 millionar kroner i kassen, og saman med 463 millionar kroner frå staten vert det 804 millionar kroner til ulike vegprosjekt i første fase av Nordhordlandspakken.
Publisert 02.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
I planane som Regionrådet Nordhordland IKS skal handsama fredag er det lagt opp til berre ein bom i Nordhordlandspakken. I ulike kommunestyre i Nordhordland har det kome opp forslag om fleire bomstasjonar, men dette er etter ei vurdering lagt vekk.
? Ei rekkje alternative lokaliseringar er ikkje aktuelle på grunn av for lågt trafikkgrunnlag. Bompengeinntekta vil knapt dekkja innkrevjingskostnadene, heiter det i saksutgreiinga til Regionrådet.
? Ein bomstasjon ved brua er ei effektiv løysing med særs låge innkrevjingskostnader, heiter det vidare.
12 kroner med rabatt
På Nordhordlandsbrua var taksten for personbil 45 kroner, med klippekort på 40 turar for 1080 kroner var prisen 27 kroner per passering.
I det nye bompengeopplegget er det lagt opp til ein takst på 20 kroner for personbilar. Med rabatt vert taksten 12 kroner. Som tidlegare skal det vera bompengar i begge retningar over brua, og ikkje berre i ein retning slik ein til dømes har det for bompengane til Askøybrua.
Bompengar frå 2009
I saksutgreiinga er det lagt opp til at ein skal starta innkrevjinga frå 1. januar 2009. Nedbetalingstida for fase 1 av Nordhordlandspakken vert ni år, dersom trafikken vert som venta.
Med ein bomstasjon ved Nordhordlandsbrua vil ein fanga opp alle reiser mellom Knarvik og Bergen. I saksutgreiinga heiter det at trafikken forgreinar seg ut til den enkelte kommune i rimeleg samsvar med fordelinga av investeringane.
? Unntaket er Radøy, som får ein relativt stor del av bompengetilskotet. Sjølv om dette ikkje er heilt i tråd med nytteprinsippet, vil Regionrådet tilrå at regionen stiller seg solidarisk i høve til dette. Ein viser til den historiske utviklinga der regionen har stått samla bak ei rekkje tyngre investeringar i ulike delar av Nordhordland. Trafikken i snittet mellom Bergen og Nordhordland har
vore med på å finansiera store prosjekt som Krossnesbrua i Meland og Hagelsundbrua i Meland/Lindås, heiter det i sakspapira.
Nyborgtunnelen i fase 2
Første fase av Nordhordlandspakken omfattar ikkje det største prosjektet i pakken, Nyborgtunnelen. Tunnelen mellom Klauvaneset og Åsane kjem først i andre fase av pakken, saman med veg frå Marås til Manger på Radøy, ny veg forbi Knarvik og vegsamband som skal knyta saman Odland og Landsvik i Meland.
Meir om Nordhordlandspakken i Strilen torsdag 4. mai.

Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Lindås-Bør bør opplevast
Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]