Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

6000 har sett Which Witch

Del | |
LINDÅS: Fredagens framsyning av Which Witch er utselt. ? Det har gått skikkeleg unna på billettane dei siste dagane, seier pressekontakt Rune Rydland. Til og med torsdagens framsyning har vel 6000 menneske sett musikalen.
Publisert 08.08.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det er plass til 1100 menneske på kvar framsyning. Alle bilettane til premieren var utselt. Det same gjeld framsyninga no på fredag. Til no har vel 4000 menneske sett oppsettinga, seier pressekontakt Rune Rydland.
Etter to dagar med kvile er Which Witch gjengen på Seim igjen klar for å entra scena. Det er framleis seks framsyningar att før det heile er over søndag kveld.
Både onsdag og torsdag var det kring 1000 på tribunane, og til framsyninga fredag kveld er det ikkje billettar å oppdriva.

Slepp omkjøring
Etter å ha vore i kontakt med Vegvesenet kan Rune Rydland også lova publikum at dei slepp omkjøring på strekninga mellom Åse og Herland sjølv om det går føre seg vegarbeid på nattestid på denne strekninga.
? Me har fått lovnad om at vegen ikkje skal stengjast før ti om kvelden, når me har framsyning. Vegen vert også open ei lita stund etter at framsyninga er slutt, slik at folk kjem seg heim igjen, seier han.

Sel mat
Dugnadsgjengen bak Which Witch nyttar også sjansen til å opplysa om at det vert selt mat frå bodar på Håkonshaugen både før framsyninga startar og i pausen. ? Me sel både kaffi, sjokolade, lappar, brus og pølser, seier Hege Ramsdal i dugnadsgjengen. Inntekta frå salet går til lag og organisasjonar som jobbar dugnad for Which Witch.
 ? Det er ikkje så mange som er klar over at det vert selt mat her. Det er litt synd fordi inntektene for sal av mat, er den einaste løna dei laga som har jobba dugnad får, seier ho og fortel at det er over femti frivillige som jobbar dugnad ved kvar einaste framsyning.
 ? Det er veldig kjekt og me trivst bra. Me er veldig takksame dersom folk vil støtta laga våre som takk for strevet, seier ho. Dei frivillige kjem mellom anna frå Seim Songkor, Seim musikklag, mållaget og 4H grupper i bygda.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler