63 Lotto-millionar til Austrheim-mann
Hadde ikkje tenkt å levera to like rekkjer.
Endret 19.01.12 10:12
– Det var ein tabbe at eg gjorde det, seier mannen i 30-åra til Norsk Tipping, etter at han har sikra seg den største premien i Norsk Tipping si historie, over 63 millionar kroner, som kom etter at lukketalet 45 gjekk inn i Viking-Lotto onsdag kveld.
Først litt ut på natta såg han meldinga på mobilen om å kontakta Norsk Tipping, så han venta difor til i dag morgon med å ringja Norsk Tipping på Hamar.
Fekk ikkje tak i
Mannen var på jobb onsdag kveld, og det var grunnen til at Norsk Tipping ikkje fekk tak i han då.
– Mykje pengar, var mannen i 30-åra sin ganske rolege kommentar då Norsk Tipping ville ha ein første reaksjon på at mannen hadde sikra seg den formidable utbetalingsrekorden.
63 millionar utgjer kring ein femtepart av Austrheim sitt kommunebudsjett og er nok til å kjøpa godt og vel 30 hus til kring to millionar...
Til Norsk Tipping gjev mannen uttrykk for å ha beina på jorda.
– No går eg på jobb som vanleg. Så får eg tenkja meg om kva eg skal gjera, seier mannen, som vil vera anonym.
På nett
Den superheldige austrheimingen levert spelet sitt på Internett.
– Eg pleier å levera tre faste kupongar, men på grunn av den store potten bestemte eg meg for å satsa litt ekstra. Såg eg leverte inn 20 kupongar. Då eg hadde sendt dei avgarde, oppdfaga eg at eg hadde betalt for 21 kupongar. Første tanke var at eg skulle finna den eg ved ein feil hadde tasta to gonger, men s tenkte eg at det likevel ikkje var noko å gjera med, så eg la meg til å sova middag.
– Hadde mistanke
Hjå Norsk Tipping var det Asbjørn Langmyr som snakka med vinnaren torsdag morgon.
– Han ringte ved 08.30-tida og gjorde det klart at han hadde mistanke om at det var han som var vinnar av den historisk store gevinsten, seier Langmyr.
Han opplevde mannen som veldig roleg.
– På meg verka dette som ein sindig person, som slo fast at dette var «mykje pengar». Me vil kopla han opp mot eit firma som driv økonomisk rettleiiing, og reknar med at han seier ja til å ta imot råd derifrå. Mannen har gjort det klart at han ønskjer å vera anonym, seier Langmyr.
Vinnarrekkja onsdag gav 31,6 millionar til tre nordmenn, blant anna ein frå Fana, og same sum til ein finne, pluss altså vel 63,2 millionar kroner inn på kontoen til mannen i Austrheim som hadde to like rekkjer.
Den førre Viking Lotto-rekorden var på om lag 46,5 millionar kroner, som ein mann på Austlandet vann.
Eit steg vidare for «Gullvegen»
Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.
Blant Hareides topp tre
Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.
Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør
LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.
Kjørte på land i fylla
LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.
Siste kortnytt
- Fire beltegebyr på Fedje [22.02.12 15:38]
- Fekk dårleg samvit [22.02.12 15:38]
- Fyrverkeri på bensinstasjonen [21.02.12 10:22]
- Åtti i femtisona [21.02.12 10:21]
- Utforkjøring på Lauvås [18.02.12 21:51]
- Brosvik ny leiar i Gulen KrF [15.02.12 16:12]
- Elevdyst i sveisefaget [15.02.12 16:18]
- Overtek ny veg i Litlebergen [15.02.12 16:08]
- Stadvis svært glatte vegar [15.02.12 09:40]
- Opprykk for Masfjorden [13.02.12 18:28]
- Krimdominans på utlånsliste [13.02.12 18:22]
- Hjellebollar i Knarvik [13.02.12 18:19]
- Maurstad også til Fedje [08.02.12 18:34]
- Kulturskulen i Lindås på nett [08.02.12 18:24]
- Ny runde for Sæbørevyen [08.02.12 18:23]
- Traktor i grøfta [06.02.12 12:55]
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
Mest lest
- Dødsulukke i Hjelmåstunnelen [08.02.12 15:19]
- Politi på fisketur [09.02.12 18:43]
- Trafikksmell på Lindås [15.02.12 14:09]
- Skal det vera ein ubåt? [06.02.12 13:08]
- Må fjerna fire tiltak eller få bot [09.02.12 09:58]
- Hadde narkofabrikk heime [06.02.12 13:10]
- Evas private spa [18.02.12 17:34]
- Ellevill NM-jubel [14.02.12 09:17]
- Men gjerdet var lovleg likevel! [15.02.12 16:06]
- Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja [09.02.12 18:54]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Protesterer mot «tvilsam» ankring [02.02.12 10:32]
- Kjørte på land i fylla [19.02.12 00:21]
- «I Nigeria då bilen vart stolen» [17.02.12 17:17]
- Tre mistenke for fyllekjøring [30.01.12 10:29]
- Fekk krympa Lindåshallen [31.01.12 12:02]
- Brassfest i Bergen [11.02.12 13:34]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





