Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

? Betre ver gjev meir trafikk

Del | |
FEDJE: I september i år auka passasjertrafikken til Fedje med 21 prosent i høve til i fjor. ? Veret spelar mykje inn, seier matrosane Bjarte Hjelmtveit og Rune Strømsnes.
Publisert 30.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Det har vore langt betre ver i haust enn i fjor, seier matrosane Bjarte Hjelmtveit og Rune Strømsnes som forklaring på den sterke passasjerauken.
Dei to har også notert seg stor kursaktivitet ved Fedje Treningssenter, noko dei tippar også slår ut i trafikken.
? Elles har den fine sommaren gjort at Fedje har hatt mange dags- og helgeturistar. Ein del vil ha med seg Nordsjøløypa, seier dei to.

Stengt servering
Men Strømsnes synest det er på sin plass med litt kritikk av dei to stadene på Fedje som har servering.
? Dei er ikkje flinke nok til å ha ope når besøkjande har behov for mat. Det får me på ferja ofte høyra,  seier Strømsnes.
Blant dei faste passasjerane på Fedje-ferja er Jorunn Kårdal, som jobbar tre dagar i veka på Fedje. I ruskeveret torsdag hadde ferja tatt ho trygt tilbake til Sævrøy.
? Det er greitt å reisa med ferja. Alternativa er jo få! seier Kårdal.
Passasjertrafikken til Fedje gjekk opp med heile 21,5 prosent i september samanlikna med 2005.

8.700 personar
I alt reiste akkurat 8.700 personar med M//F Fedjefjord i år. Vermessig var september i år langt betre enn i fjor, så det kan ha litt utslag på trafikken.
Også talet på bilar gjekk kraftig opp i september. 3.267 reiste med Fedje-ferja i september i år, mot 2.859 i fjor. Det er ein auke på 14,3 prosent.

Opp i Fensfjorden
Sambanda i Fensfjorden hadde også ein ganske stor auke i september.
Talet på bilar gjekk opp med sju prosent samanlikna med i fjor. Totalt vart det frakta 13.271 bilar.
Når det gjeld passasjerar, er auken på 9,9 prosent til 25.299 personar. Det er særleg sambandet Leirvåg - Skipavik som trekkjer tala opp.
Kanskje er det hyttefolka som gjer utslaget?


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler