? Bønder sit på millionverdiar
? Nye tilskotsreglar kan gjera mange fallrettar i regionen lønsame. Mange lokale bønder er ikkje klar over kor store verdiar dei sit på, seier Otto Dyrkolbotn.
Publisert 10.11.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
Regjeringa vedtok for eit par veker sidan å gje eit tilskot på fire øre for kvar produserte kWh frå mindre småkraftverk. Dette gjer at vassfall som tidlegare ikkje var lønsame, no kan gje bøndene ekstrainntekter dersom elvane vert bygde ut, meiner Dyrkolbotn. Berre i Lindås kommune meiner han det er sju-åtte fall som kan vera aktuelle. Mellom desse er Eitro, Stusdalselva og elva i Vetleurdal. Det finst også lønsame prosjekt i andre kommunar i regionen.
Meir enn gasskraftverk
Det er eit stort potensiale for utbygging av mindre kraftverk.
? NVE har rekna at slike kraftverk kan gje heile 4,4 TWh berre i Hordaland, altså dobbelt så mykje som det planlagde kraftvarmeverket på Mongstad. Svært mange av desse vil vera lønsame med dei nye tilskotsreglane - mange hadde også vore lønsame før tilskotet kom, seier Dyrkolbotn.
Han understrekar at det langt frå er sikkert at alle desse vassdraga bør byggjast ut. Ein må også ta omsyn til naturvern. Men potensialet er der, og mange kraftverk kan byggjast utan store inngrep i naturen.
? Bygg ut sjølv
Dyrkolbotn er veldig oppteken av at verdiane i desse fallrettane må verta verande lokalt, i staden for at store selskap kjøper opp desse. Lokalt eigarskap er viktig for at dette skal gje størst mogleg ekstrainntekter for lokalsamfunnet og bøndene.
? Kort tid etter at regjeringa innførte tilskotet, auka talet telefonar frå dei store selskapa til aktuelle grunneigarar, seier Dyrkolbotn.
Han meiner det er viktig at utbygginga skjer i lokal regi. I 1996 utarbeidd han saman med tidlegare direktør i Nordhordland Kraftlag, Arne Steen, og Arve Kjetland ein modell for korleis slik utbygging bør skje. Denne kalla dei for Nordhordlandsmo-dellen. Mønsteret i modellen har seinare vore nytta i dei fleste leigeavtalar om fallretar over heile landet, seier Dyrkolbotn.
Kontroll til bøndene
Nordhordlandsmodellen går ut på at bøndene går saman om å oppretta eit selskap. Så leiger dei ut fallrettane sine til dette selskapet. Nordhordland Kraftlag kunne etter planen vera med på eigarsida, og dermed også medverka til finansiering av utbygginga. Men ein slik samarbeidspartnar skulle ikkje eiga meir enn 49 prosent av selskapet. På den måten var det bøndene som hadde kontroll. I tillegg var det avgrensingar for kor lenge leigeavtalane skulle vara. Folka bak Nordhordlandsmodellen tenkte seg leigeavtalar helst ikkje lenger enn opp til 30 år. På denne måten sikra ein at bøndene ikkje gav frå seg grunnen, og at dei fekk ei langsiktig inntekt til bruket.
? Eg vil gje honnør til Arne Steen som var med på å utvikla denne modellen, seier Dyrkolbotn.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]