? Dumt å mangla lærebøker
Ved skulestart manglar førsteklassingane på vidaregåande fleire lærebøker og blir vist til internett. Det synest ikkje Kim André og Lene Mari er riktig.
Publisert 18.08.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
? Me har ikkje tilgang til internett heime, så korleis skal me kunna bruka det då? undrar Kim André Vangberg og Lene Mari Soltveit på vg1 Helse og Sosialfag ved Knarvik vidaregåande. Dei meiner at trass i innføring av ny reform burde det ikkje vera vanskeleg å ha bøkene klare til skulestart.
? Kor mange datamaskiner skulen har disponibelt til oss og om det vert i friminuttane eller etter skuletid me i så fall må bruka dei, veit me ikkje. Men for oss vert det veldig klønete å ikkje ha lærebøker uansett. Og det vert det sikkert for lærarane også, seier dei to.
Nynorsk bakerst
Så langt veit Kim André og Lene Mari at dei manglar arbeidsbøker i naturfag og sosialfag, men det er mange som har det verre. Og det er spesielt dei som vil ha bøkene på nynorsk.
Dei stiller, ifølgje Tor Modahl ved bokhandelen Nordhordland Libris, lengst bak i køen.
? Så lenge det berre er seks prosent av elevane i landet som har nynorsk, går bokmålsbøkene i trykken først. Slik er det berre, seier Modahl.
Han stadfestar at mange av fagbøkene ikkje er ferdig trykte enno og at dei siste kanskje ikkje er på plass før i oktober på grunn av kø ved trykkeria.
Blant dei bøkene han meiner kjem sist, er ei arbeidsbok i naturfag. Men her har forlaget Aschehoug lånt ut websida si slik at elevane kan jobba på internett, fortel han.
Inga krise
At alle lærebøkene ikkje er på plass ved skulestart synest ikkje rektor på Knarvik vidaregåande, Inge Alver, er noko problem i dag.
? Då var det verre då Reform 94 vart innført og lærebøkene var det einaste hjelpemiddelet som fanst, seier han.
Han fortel at ein del av Kunnskapsløftet er at data og internett på sikt skal integrerast i alle fag, og at det er like godt å begynna med ein gong.
? Det vil alltid vera ein diskusjon kring det at ikkje alle har tilgang til internett heime. Men det trur eg vil løysa seg på sikt når skulen får fleire maskiner og me finn eit system i bruken av dei. Det er i alle fall slutt på den tida at leksa til i morgon er frå side 32 til 38 i læreboka, seier rektoren. Han fortel at Kunnskapsløftet også går ut på å bruka kjennskapen lærarane har til næringsliv og aktivitetar i lokalsamfunnet. Dessutan har lærarane etter kvart opparbeidd ein solid databank med oppgåver og aktivitetar som enkelt kan nyttast no når lærebøkene kjem litt seint, seier Inge Alver.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]