Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

? Endeleg kjem hallen!

Del | |
FEDJE: Endeleg skal feiingane få seg storstove. Torsdag vedtok kommunestyret å byggja fleirbrukshall med 13 mot 4 stemmer. Ordføraren er klar for første spadetak.
Publisert 01.07.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Ja, no vert det fleirbrukshall, endeleg. Det er kanskje litt tidleg å ta spadetaket no, men no er me i alle fall i gang, seier ordførar Erling Walderhaug letta.
Så om du tek turen til Fedje neste sommar, kan du byta ut fiskestonga med bowlingkula. Då er det nemleg høgst sannsynleg at den nye fleirbrukshallen ved skulen står klar. Sognnes Bygg AS er klare til å starta arbeidet i midten av august. Folk på Fedje kan gleda  seg over at dei endeleg har ein samlingsplass med rom til alle, og eit tilbod til ungdom, andre inbyggjarar og turistar.

30 år på vent
? Dagen i dag er historisk. Endeleg er me komme så langt at me skal seia ja eller nei til ein fleirbrukshall, seier Kristin Handeland, som har vore leiar i arbeidsgruppa for hallen.
Ønskjet om ein fleirbrukshall på Fedje har eksistert i lang tid. Alt sommaren 1977 fins det skriftlege spor etter tidlege tankar om ein samlingsstad.
? Kjært born har mange namn, også her sjølv om me berre er midt i svangerskapet. Ein kallar gjerne noko for sitt hjertebarn, fleirbrukshallen er eit av mine, seier Else Færøy, kommunestyrerepresentant for Høgre.
På eit møte midtsommars i 1977 skal det ha blitt bestemt at ei planleggingsnemnd for eit kulturhus skulle nedsettast. I 2001 vart det faktisk sett ned ei arbeidsgruppe for fleirbrukshallen, men arbeidet stoppa opp, og planane støva ned. Den nye arbeidsgruppa vart sett ned i 2004, og har jobba iherdig fram mot torsdagens kommunestyreavgjerd.

Takketalar
Stemninga på kommunestyremøtet var munter og lett i sommarvarmen. Det låg i lufta at fleirtalet ville stemma for hallen, og festkaka stod rett om hjørna og venta på ja-stemmene.
? Eg kunne ha snakka frå no og til neste veke om denne saka og arbeidet bak, men no vil eg berre seia at det har vore kjekt, spennande og interessant å arbeida med, seier arbeidsgruppa sin leiar, Kristin Handeland.
Ho påpeika at det var ein stor dag for Fedje, og takka alle som har ivra og jobba for fleirbrukshallen. Mange nytta og høvet til å trekka fram Gisle Handeland og takka for hans strålande innsats i arbeidet med hallen.

KrF mot
Vedtaket om bygginga av ein fleirbrukshall var ikkje einstemmig. Kristeleg Folkeparti med Vilgerd Storset Husa bad først om utsetjing av saka, men kun tre stemte for. Linda Husa stilte som vikar for Kjell Samnøy som var erklært ugild, men stemte ikkje saman med resten av KrF-gruppa. Det var av økonomiske grunnar at Storset Husa bad om utsetjing.
? Eg kan ikkje sjå at kommunen kan seia ja utan å veta noko om inntektsgrunnlaget. Dei reelle utgiftene i kommunen vil verta høgare gjennom betaling av avdrag og renter og bruk av fond, seier Storset Husa.
Ho påpeika og at KrF hadde gått til val på at dei skulle 

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler