Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

? Få badeland til Knarvik

Del | |
LINDÅS: Eit badeland i Knarvik vil både sikra utnytting av energien i restavfall lokalt og trekkja folk til Nordhordland, meiner NGIR. (Illustrasjonsfoto frå Vannkanten badeland).
Publisert 05.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Frå 2009 ser det ut til at NGIR må finna andre løysingar for restavfallet i regionen enn deponering i Kjevikdalen. Selskapet har utgreidd planar om eit energigjenvinningsanlegg i Knarvik, men planane vart lagde på is på grunn av manglande avsetning av energien frå anlegget. Vert det etablert eit badeland i Knarvik, kan planane plukkast fram igjen.

Positive medspelarar
NGIR har vore i kontakt med aktuelle medspelarar om etablering av eit slikt badeanlegg. Desse har vore positive, utan at det på nokon måte er teke noko avgjerd i denne saka, opplyser informasjonsrådgjevar Margunn Instefjord i NGIR.
? Eit badeland vil verta eit svært attraktivt tilbod både for folk som bur i Nordhordland og for folk nord for Bergen sentrum. Samstundes vil me på denne måten kunna utnytta energien i restavfallet lokalt, seier Instefjord, som legg til at dette er den løysinga NGIR helst ønskjer seg.

Må finna alternativ
Nye reglar tilseier at det mest sannsynleg ikkje vert aktuelt å leggja restavfall på deponi i Kjevikdalen etter 2009. NGIR må difor sjå på andre alternativ. Blant alternativa er å senda restavfallet ut av regionen eller altså å utnytta energien i restavfallet lokalt.
? Dersom me ikkje kan deponera restavfallet som før, og me ikkje får på plass eit lokalt energigjenvinningsanlegg, vil det verta innhenta anbod på mottak av dette avfallet, seier Instefjord.
Då kan restavfallet enda opp til forbrenning i Rådalen, ved andre forbrenningsanlegg i landet eller til og med i utlandet. På grunn av låge avgifter på forbrenning, god avsetning av varmt vatn og høge energiprisar i Sverige, går det i dag store mengder restavfall frå Noreg dit.

Energiutnytting
Saka er langt frå ferdig utgreidd. Men det er altså gjort eit forprosjekt om etablering av eit energigjenvinningsanlegg. Med ei restavfallsmengde på 10.000 tonn i året, vil eit energigjenvinningsanlegg produsera 33 millionar kilowattimar, opplyser Inste-fjord. Eit badeland vil kunna ta imot mykje av dette, i alle fall så mykje at det kan vera mogleg å realisera energigjenvinningsanlegget. For å få konsesjon for eit slikt anlegg vert det stilt krav til utnytting av energien. I tillegg er økonomien i prosjektet avhengig av sal av ei viss energimengde.
? NGIR vil kunna medverka til å få på plass energigjenvinningsanlegget. Men eit eventuelt badeland må andre ta ansvar for å få etablert, seier Instefjord.
Plassering av eit eventuelt badeland og energigjenvinningsanlegg må ein koma tilbake til. Men NGIR vonar at aktuelle investorar finn det interessant å ta tak i dette.
Les meir i Strilen torsdag 6. april.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler