Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

? Gløymd på Haukeland

Del | |
HLINDÅS: Bjørghild Kleiven vart liggjande åleine, utan tilsyn på eit rom på Haukeland universitetssjukehus i over to timar. Både ho og mannen trudde ho låg på Haraldsplass.
Publisert 04.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Ingen ting skjedde før mannen Agnar kom på besøk. Etter ein bomtur til Haraldsplass fann han kona på eit einerom på Haukeland. Han gjekk då ut og etterlyste både lege og  sjukepleiarar, og først då byrja det å skje noko.

Veldig svaksynt
Bjørghild Kleiven er veldig svaksynt. Ho har slite med mageproblem og har vore innlagd fleire gongar på Haraldsplass Diakonale Sykehus på grunn av dette. Ho trudde at ho hadde kome til Haraldsplass også denne gongen, sidan ho ikkje kan sjå noko særleg. Det trudde også mannen hennar, som reiste til Haraldsplass for å besøkja kona. Der hadde dei ingen pasientar med kona sitt namn.
? Men eit lyst hovud sa til mannen min at han kanskje kunne sjekka om eg hadde kome til Haukeland. Det gjorde han, og fann meg altså på dette rommet, seier Bjørghild.
? På Haraldsplass sa dei at pasientar vert sende vidare til Haukeland dersom det var fullt, fortel Agnar.
På Haukeland måtte han gå til vakta, og dei fann namnet til kona etter å ha bladd seg tilbake i ei mappe.

Venta på ambulanse
Historia starta 23. mars. Bjørghild hadde store magesmerter, og vart sendt med ambulanse det vesle stykket frå bustaden på Lindås til legekontoret i bygda rundt klokka 09.30. Ho vart der undersøkt av lege, og det vart tinga ambulanse vidare til sjukehuset. Men den ambulansen ho kom med, måtte vidare på eit anna oppdrag, slik at ho måtte venta på ein ny. Timane gjekk, utan at noko skjedde.
? Eg var så sjuk at eg hang over ein stol. I halv tolv-tida var legen på veg til lunsj og vart forundra over at eg sat der enno, seier Bjørghild.
Det vart purra på ambulansen, men han kom ikkje før rundt klokka 13.30. På slutten av ventetida fann dei ei seng på legekontoret som Bjørghild fekk leggja seg ned på.

Lagt på ei seng
Ho kom til sjukehuset ein time seinare og vart lagt på ei seng. Men ho vart ikkje undersøkt av verken lege eller sjukepleiar, fortel Bjørghild.
? Eg berre låg der med store magesmerter i lang tid utan at noko skjedde. Eg ser jo svært lite men høyrde det var folk der. Då ein person var tett ved, spurde eg om ikkje han kunne hjelpa, men han sa at han ikkje jobba der. Men ikkje så lenge etter kom det ein person frå sjukehuset, seier Bjørghild.
Ho meiner klokka då må ha vorte rundt 16.30. Bjørghild fekk beskjed at ho måtte venta, då ho skulle ha einerom, og litt seinare vart ho trilla inn på eit rom.

Store smerter
Der vart ho liggjande åleine med store smerter utan tilsyn, heilt til mannen oppspora henne seinare på kvelden. Då var klokka over halv sju. Det var først då mannen kom innom at Bjørghild fekk vita at ho var på Haukeland universitetssjukehus, og ikkje på Haraldsplass. Mannen gjekk då ut i gangane og prøvde å få tak i hjelp, og deretter byrja det å skje noko. Bjørghild var då veldig tørst, men fekk ikkje væske fordi dei trudde dei måtte operera henne. Ho fekk seinare intravenøst og byrja å koma seg. Dagen etter kunne ho skrivast ut. Nokre tablettar fekk ho og med seg, og desse ser ut til å ha verka, for no er ho bra.
? Eg har ikkje noko å utsetja på dei folka som arbeider på sjukehuset. Men eg går ut med denne historia for at dette ikkje skal skje andre. Eg er heilt overtydd om at dei må ha gløymt meg på det rommet. Tenk om det hadde gått hol på noko i magen? Tenk om eg ikkje var klar og hadde gått ut av senga og sjukehuset? Dersom mannen min ikkje hadde kome, trur eg at eg hadde lege der åleine heile natta, seier Bjørghild etter den skremmande opplevinga.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler