Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

? Godt betalt grisejobb

Del | |
AUSTRHEIM: Mange ungdommar frå Austrheim har teke på seg oppryddingsjobb i heimkommunen etter Server-havariet ved Fedje. Tonje Austrhiem og Anne-Sofie Kyrkjebø er glade for at dei har fått seg jobb som oljeplukkarar. - Det er ein godt betalt jobb, det er ein tolmodsprøve og luktar ikkje så godt, men det er ikkje så gale som mange trur, seier dei to.
Publisert 27.03.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Heilt sidan Server-ulykka ved Fedje i januar har det vore fokusert på alle dei tonna med olje som kom inn over dei flotte havområda her i Nordhordland. Austrheim har vore særleg hardt ramma, og i det siste er det blitt ein stor «hit» blant ungdomane å jobba i olja. Dette trass i at det luktar ekkelt og er eit tolmodigheitsarbeid.

Godt arbeidsmiljø
Det er gode pengar som ventar dei som får jobb, og i helga har det vore femti ivrige folk i sving rundt om på mange av holmane og vikene i øykommunen. Det er tatt opp rundt 140 -150 tonn olje til saman i Austrheim. Ca 72 tonn av dette er rein olje.
Då Strilen var på jakt etter oljeplukkarar søndag, var det rundt lunsjbordet det var lettast å finna folk. Nokon var på veg frå vika der dei reinska olje og til teltet der bilen frå Kjelstraumen nett hadde levert porsjonar med steik og poteter, medan andre gjorde seg klare til å fara ut att til arbeidet sitt.

Tolvtimarsdag
Ved eit bord i lunsjteltet sit mannen som har store delar av ansvaret for at oljeoppryddinga går rett føre seg, nemleg Rolf Henning Myrmel. Han jobbar ved teknisk etat i Austrheim kommune, og i den siste tida har arbeidsdagen hans forandra seg eit par hakk.
? Det er mykje å passa på. Eg jobbar nok tolvtimarsdagar no for tida. Når eg går her i frå, ventar minst ein time med papirarbeid på kontoret, fortel Myrmel.
Men det er då det er så flott at han har det fint når han jobbar med olja. For dei har det flott, ikkje fordi det er ein så grådig kjekk jobb, men takka vera eit godt arbeidsmiljø og flotte personar.
? Når regnet ausar ned, vinden blæs og det er litt kaldt er det godt å koma inn i eit varmt telt til eit varmt måltid. Og det kan me nok særleg takka Willy Villanger for. Han kjem her tidlegare enn alle andre, ser til at telta er oppvarma og passer på at alt ser bra ut. Willy er ein av dei siste som går her i frå og, skryter Myrmel og ser bort på karen som set seg ned ved sida av han. Laurdag diska Villanger opp med nysteikte vaflar ved lunsjtider.
? Eg måtte jo visa at eg kan laga vaflar, særleg måtte eg imponera alle desse damene som går her ute, spøkjer Willy Villanger.
Det er lett å sjå, og ikkje minst høyra, at det ikkje er så gale å vera oljeopprydda som ein skulle trudd.  

Tolmodsprøve «de lux»
Det er ikkje lite olja som er funne og plukka i Austrheim. På heile 48 stader i kommunen er det har vore oljefunn, og det er eit par stadar det enno er oljerestar etter forliset som ikkje er oppdaga. Enno er det er mykje arbeid som skal gjerast før olja vert frakta til Sotra. Alt skal skrubbast og vaskas, bark skal gnikkast inn i olja og skyljast vekk. Det heile skal samlast i sekkar og så i tette dunkar.
? Oljerestane går an å bruka etterpå, så difor må me forsøkja å sortera litt undervegs, det er ein skikkeleg tolmodsprøve å arbeida her ute, informerer Rolf Henning Myrmel.
Men det er ikkje berre folk som arbeider som oljeoppryddarar. Heile 12 båtar vert brukt under arbeidet. Og mest kjend av dei alle er nok Evjegrisen.
? Evjegrisen og pensjonistane er i full sving enno dei. Det er ein super innsats dei har gjort for miljøet, det må folk vera klar over, stor honnør til dei, seier Myrmel smilande.

Bra for ungdomen
Etter lunsj trekk mange ut i sola for å slappa litt av før dei vert frakta tilbake til arbeidsplassen sin. To av dei, Tonje Austrheim og Anne-Sofie Kyrkjebø, er blant dei yngste som jobbar her. Syttenåringane jobbar i olja andre helga på rad. Og dei håpar på jobb vidare og.
? Det er klart me er her for pengane, men det me gjer er grådig viktig for miljøet. Me gjer ein god gjerning for naturen, forklarer dei to ungdomane.
Men døde fuglar har dei ikkje sett enno.
? Nei, og det håpar eg me ikkje gjer heller. Me er blitt åtvara om at dei stinkar, men krabbane taklar oljesøl veldig bra. Lyfter du på ein stein spring det vekk eit titals krabbar. Dei overlever dei, informerer Kyrkjebø og Austrheim, og ler så dei ristar. Slike tankar er nok ikkje dei som dei to jentene tenkjer mest av til vanleg. No ler og kosar dei seg ute i fineveret, flott natur og stille sjø fortel at det er ein flott vårdag i vakre Austrheim. I likskap med Myrmel og Villanger nemner jentene dei kjekke lunsjane og alle folka som ein god grunn til at det ikkje er så gale å jobba som oljeplukkar likevel.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler