? Ikkje del skulekrinsen
Ein bom på Lunde vil dela Sæbø skulekrins i to. Vidar Lunde meiner dette er det verste forslaget som har kome i bomsaka til no.
Publisert 27.04.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
Også Manger Senterforening ved leiar Karin Klausen har engasjert seg i denne saka. ? Me vonar fornuften kjem inn undervegs, og at bom på Lunde aldri vert ein realitet, skriv Klausen mellom anna i eit lesarinnlegg på side 27.
Aksepterer bom
Det har vore lang dragkamp mellom kommunane i Nordhordland om innføring av bompengar i regionen. Eit krav frå Lindås og Meland om ein bomstasjon på Radøy i tillegg til ved Nordhordlandsbrua, vart først blankt avvist av Radøy-politikarane. Men no har ordførar Olav Steinar Namtvedt bøygd av for presset, og gått med på plassering av ein bomstasjon i kommunen. Men denne skal ikkje stå på grensa mellom Radøy og Lindås, men flyttast ut til Lunde, der det nye riksvegprosjektet over Radøy startar.
Vekkjer harme
Dette forslaget vekkjer no altså stor harme på Lunde og lenger nord i skulekrinsen. Alle born frå Kjeseth og sørover går nemleg på Sæbø skule, og deltek altså i både skulekorps- og andre fritidsaktivitetar der.
? Me har tre born som er aktive på fritida. Dersom bommen kjem sør for oss, må me altså passera bommen heile fire gongar i samband med bringing og henting til ei enkelt musikkøving. I tillegg kjem andre fritidsaktivitetar dei deltek på. I løpet av ein månad vil dette medføra heile tusen kroner i bomutgifter for oss berre i samband med borna sine fritidsaktivitetar. I tillegg kjem altså pendling til jobb, henting på SFO, møte på skulen og handling i Knarvik, seier Lunde.
Innkalling til bygdemøte
Lunde jobbar sjølv i Knarvik. Handling gjer dei både på Manger og i regionsenteret.
? Men me må uansett til Knarvik, då det er ein del varer som ikkje finst på Manger, seier Lunde.
Han har snakka med folk i bygda, og det er ingen som forstår at ordføraren kan gå med på dette. No vert det ei drøfting i bygdelaget, og dei vil og ta kontakt med Marås bygdelag, då dei også vert sterkt berørte.
? Skal det først koma ein bom på Radøy, noko eg er imot, må han i alle fall ikkje dela ein skulekrins, seier Lunde.
Dette nye bomforslaget vart vedteke i styret i Regionrådet denne veka. Den skal opp ein gong til, før saka går vidare til representantskapet og til avrøysting i dei ulike kommunestyra i regionen.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]