Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

? Kunne ha samla opp meir olje

Del | |
FEDJE: ? Om me hadde fått ein slambil hit til Fyrsundet laurdag kunne me ha samla opp mange kubikk med olje, seier Ingmar Stuberg, som var i gong med å samla opp oljesøl måndag.
Publisert 15.01.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Stuberg var saman med Are Kaale på plass i Fyrsundet i går for å samla opp olje og tilgrisa rekved frå M/S Server. Bølgjene var for høge til å driva med lenser, og den eine lensa dei la ut i helga låg slitna langsmed land.
? Det var fleire kubikkmeter med olje samla her laurdag. Men lensa rauk når uveret kom, og olja for ut att, seier Stuberg.
Han var tilsett ved oljeverndepotet på Fedje før dette vart flytta til Florø, og meiner at oppreinskinga hadde gått betre om ein framleis hadde hatt eit depot på øya.
? Det er uforståeleg at dei tok vekk depotet. Dei som har makta no lova at dei skulle få det tilbake hit dersom dei vann valet, men me ser no kor mykje det var verdt.
Like utom Fyrsundet vart akterskipet til M/S Server i går skura mot fjellet. Det som stakk opp av brua rugga fram og attende etter som bølgjene slo.

? Gje oss ein spade
Stuberg og Are Kaale var dei einaste som var i sving i Fyrsundet og går morgon og føremiddag, og med berre nevane samla dei olje opp i eit oljefat.
? Om me hadde hatt depotet her i dag, kunne me hatt folk på land her for å organisera oppsamlinga, seier Are Kaale.
Fram til dei fekk ei bøtte i går ettermiddag brukte dei berre nevane.
? Gje oss nokre spadar, var deira kommentar.
Dei to peikar på at oljeverndepotet er meir enn berre lenser, det er også anna reiskap lagra der. Og ikkje minst så ville ein hatt fleire med kunnskap om oppreinskinga.
? Det vert for topptungt slik det er no, seier Stuberg.
Og i oljelukta ved Fyrsundet i går var det temmeleg topptungt. Stuberg og Kaale var dei einaste som vart skitne på nevane, medan ein dryg handfull andre såg på. I tillegg var det kring ti journalistar som foreviga det heile.

3.000 liter i Sildavågen
I Sildavågen på Fedje vart det søndag teke opp 1.500 liter olje, og i går rekna ein med å få opp 3.000 liter. Fleire stader i sundet var oljeflekkar stengde inne med lenser, og olja vart ausa over i fat. Det vart også lagt bark på oljesølet.
? I dag har me i alt 25 mann i sving her, seier Tore Boge, hamneinspektør i Bergen og Omland Hamnevesen BOH.
Han var skadestadsleiar for arbeidet i Sildavågen.
? Me kom ut laurdag med patruljebåten Nordnes, då for å sjå på omfanget, seier Boge.
Søndag var dei tilbake med ferja Flekkerøy, innleigd frå IMC Marine.
? I dag har me ein del mannskap her frå Lindås og Meland brannvern, i tillegg til ein del som har meldt seg til teneste, seier Boge.
Dei frivillige vert løna av Kystverket, slik at det ikkje er tale om gratisarbeid.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler