? Legg ikkje ned «Gjenbruken»!
Mona og Victor Windheim frå Holmemarka synest det er ille om NGIR legg ned gjenbruksstasjonen i Knarvik. Oppussing gjer at dei har vore flittige brukarar i det siste. Om den mykje brukte stasjonen skal leggjast ned, skal vurderast av av styret i NGIR 12. mars.
Publisert 28.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
LINDÅS: Om «Gjenbruken» forsvinn frå Knarvik, er det ille, synest blant anna brukarar frå Meland. Men 12. mars drøftar NGIR-styret om stasjonen skal leggjast ned, blant anna etter klager frå dei som bur tett ved.
? Å måtte køyra heilt til Kjevikdalen vert i lengste laget, synest Jan Åge Tangen, busett i Holmemarka i Meland.
Tysdag ettermiddag kvitta han seg med diverse avfall, og slike turar til Knarvik skjer ganske ofte, fortel han. Vanlegvis dreiar det seg om ting som går sund eller bygningsavfall.
Flittige brukarar er også Mona og Victor Windheim, dei også frå Holmemarka. No i det siste har ombygging i heimen medført ekstra mange turar til Knarvik.
? Det er rett at det kjem opp ei sak om nedlegging i Knarvik i styret, men administrasjonen si utgreiing er ikkje klar. Dermed er det rettast av meg som styreformann å vera forsiktig med kommentarane, seier Leidulv Brunborg, sjølv busett i Knarvik.
Men dei Strilen traff på tysdag, kvidde seg ikkje for å koma med kommentarar, til fordel for å behalda stasjonen.
? Trist
Mona Windheim innser at «sniklevering» frå Åsane og Bergen kan vera eit problem. Men vert stasjonen lagd ned, synest ho uansett at det er trist.
? Kva eg gjer om dei legg ned stasjonen her og ein i staden må levera i Kjevikdalen? Då satsar eg vel heller på å senda alt søppelet med bosbilen, seier Jan Sleire, også han busett i Meland, på Tveit.
Sleire synest stasjonen i Knarvik er eit greitt tilbod, som han brukar ganske ofte. ? Eg er her kanskje så ofte som ein gong i veka. Ofte finn eg ting som kan brukast, her på stasjonen eller i gjenbruksbutikken, seier Sleire.
? Tungvint
Før køyrde Sleire av og til forbi Kjevikdalen. Kor mykje han eventuelt vil bruka eit tilbod der, seier han kjem an på opningstidene.
? På sørsida kan dei levera ein stad ved Salhus, men det er ikkje gratis som her i Knarvik, seier Sleire.
Dommen frå han og andre brukarar i Meland synest klar: Det er i lengste laget og tungvint å køyra heilt til Kjevikdalen for å levera det dei no kan kvitta seg med i Knarvik.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]