? Matre ligg midt i verda!
MASFJORDEN: ? Vener spør meg om korleis eg kan leva på ein stad som Matre. Men for meg som er oppteken av forsking på havbruk, ligg Matre midt i verda, seier Frode Oppedal. Tysdag tok han og andre forskarar seg av fiskeriminister Helga Pedersen, som stod for den offisielle opninga av den hypermoderne stasjonen til nær 180 millionar kroner.
Publisert 12.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
Oppedal kjem frå Bergen, men flytta til Matre då han fekk jobb på Havforskingsstasjonen.
Og ein fekk verkeleg eit inntrykk av at dette er ein av dei aller mest moderne forskingsstasjonane i verda på sitt felt tysdag. Det kom 135 gjestar frå inn og utland for å markera opninga av den nye stasjonen til 177 millionar kroner.
Internasjonalt miljø
Dei var der alle ? folk frå ei mengde med direktorat, institutt, departement, konsulentar og utdanningsinstitusjonar. Namn som Mr. Mario Lopez dos Santos frå EU vitna om at dette ikkje berre var ein norsk storhending, men ei hending som også vart lagt merke til utanfor landets grenser.
? Me har hatt gjestar og stipendiatar frå utlandet her på Matre i ei årrekke, seier stasjonsleiar Øivind Torslett ved Havforskingsstasjonen.
Desse har kome mellom anna frå land som Canada, Sør-Afrika og Thailand. Han fortel at mange av utlendingane som kjem på besøk reagerer på dei høge fjella og fjordane.
Men mest av alt er dei imponerte av det verktyet for forsking som havforskingsstasjonen er. Etter at den nye stasjonen no er på plass, vert dette verktyet blant dei aller beste i verda.
? Ein viktig dag

Hovudgjesten under opninga var fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
? Dette er ein viktig dag for oss alle. Me har nådd eit viktig mål. Men vegen vidare er ikkje mindre spanande, sa statsråden i talen sin. Pedersen lova å følgja godt med på utviklinga ved Havforskingsstasjonen.
Ho viste til at produksjonen av laks og aure i Noreg i dag er 6000 gonger større enn då havforskingsstasjonen på Matre så smått starta i 1971.
Pedersen meinte at forskinga kan vera med på å løysa dei utfordringane som både næringa og forvaltninga slit med. Mellom utfordringane er å få ned dei høge rømmingstala frå oppdretta og kampen mot parasittar på fisken.
? Forbrukarar i alle marknader er opptekne av fiskehelse og fiskevelferd. Utan at me har ei forskingsbasert forvaltning av næringa, vil det gå dårleg, sa statsråden.
Ho understreka elles at det er viktig å gjera folk flest merksame på den høge kompetansen som finst i heile næringa. Ho meinte at kunnskapen til folk om næringa, bør verta betre, og oppmoda difor Havforskingsinstituttet til å halda fram med informasjonsarbeidet sitt.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]