? Me fortener betre løn
AUSTRHEIM: Førskulelærar Lene S. Nordtveit og fagarbeidar Reidun Hartwall er heil einige. Dei gjer ein viktig jobb som fortener betre løn.
Publisert 09.03.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
? Me er ikkje tanter som passar born. Me er pedagogisk personale som utfører ein viktig jobb. Barnehagane er kanskje den viktigaste lærearenaen i livet, seier Lene S, Nordtveit, som jobbar som førskulelærar i Kaland barnehage.
Strilen har bede ho og Reidun Hartwall, som er fagarbeidar i same barnehagen, å uttala seg om statistikken som vart trykt i Strilen torsdag, der det går fram at menn i Austrheim i gjennomsnitt tener meir enn det doble av det kvinner gjer.
Kvinneyrke
Begge er overtydde om at den viktigaste grunnen til at dei og mange i omsorgssektoren er dårleg betalte, er at dette er typiske kvinneyrke.
Men det er slett ikkje fordi dei yrka er mindre viktige for samfunnet. Kanskje tvert om.
Mangel på folk
? Det er heilt klart at dei yrka me jobbar i, burde vore langt betre betalt enn no. Og det vil også slå ut på rekrutteringa, seier Nordtveit.
Ho tvilar på at ein greier å få nok fagutdanna personale til alle dei nye barnehagane som skal opprettast viss ikkje løna vert langt betre.
? Alt i dag er det mangel på førskulelærarar i dei store byane, seier ho.
Ein førskulelærar har etter ti år ei grunnløn på 308.000 kroner, ein fagarbeidar 269.000 kroner.
Status
Men ingen av dei har noko patentløysing på korleis ein skal klara å få opp løna i desse yrka.
? Det har sjølvsagt noko med status å gjera. Det er ikkje tvil om at løn og status har ein viss samanheng, meiner dei.
I tillegg er det stort sett slik at dei som jobbar i det offentlege, tener mindre enn i privat sektor.
Ikkje misunnelege
? Men er det misunnelege på mennene som tener så godt?
? Nei, me er ikkje misunnelege. Men me tykkjer det er urettferdig at det skal vera så store lønsskilnader fordi vår jobb er like viktig som deira, seier Reidun Hartwall.
Både Nordtveit og Hartwall meiner at deira eigne organisasjonar på sentralt hald burde stå hardare på for å få lønene opp. Nordtveit er organisert i Utdanningsforbundet, Hartwall i Fagforbundet.
Makt og pengar
? Når mennene i ein del ekteskap og parforhold i Austrheim tener så mykje meir enn kvinnene, trur dei det påverkar makttilhøva mellom dei?
? Nei, der er nok heilt andre faktorar som verkar inn, seier dei og smiler.
Men derimot trur dei at ein del kvinner i Austrheim vel å jobba deltid fordi mennene tener så godt at familien greier seg økonomisk utan at dei er i full jobb.
? Men sjølvsagt er det kvinner som vel deltid fordi dei har slitsame yrke, til dømes i omsorgssektoren, seier Nordveit.
Velja utradisjonelt
Verken Nordveit eller Hartwall angrar på at dei valde det yrket dei gjorde, men samstundes meiner dei at når unge jenter vel yrke, burde dei kanskje tenkja litt meir på kva løn dei vil få, slik som gutane gjer. Det kan også vera ein pådrivar for å få fleire jenter til å velja litt utradisjonelt. Og vel dei lågtlønsyrke, vil lønsforskjellane også forplanta seg vidare når dei vert pensjonistar.
? Då vert me minstepensjonistar, påpeikar Hartwall.
Av 23 tilsette i Kaland barnehage, er det berre ein mann.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]