Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

? Meir gass til Mongstad

Del | |
Ei ti tommar stort gassrøyr frå Kollsnes til Mongstad er ikkje nok, meiner Svein M. Nordvik i NHIL. Tolv tommar må det vera.
Publisert 16.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
No må distriktet kjempa for at det vert lagt eit tolv tommars gassrøyr til Mongstad, ikkje eit titommars. Det kan få mykje å seia for utviklinga, meiner Svein M. Nord-vik i NHIL.
? Eit tolvtommars røyr vil ha 50 prosent større kapasitet enn eit røyr på ti tommar, seier dagleg leiar Svein M. Nordvik i Nordhordland Hand-verk- og Industrilag (NHIL).
Det kan få stor innverknad på utviklinga i distriktet om røyret som skal byggjast frå Kollsnes til Mongstad, vert ti eller tolv tommar.
I planane som Statoil jobbar ut frå no, er det meininga å leggja ein gassleidning på ti tommar, men Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sin konsesjon opnar for leidning inntil tolv tommar.

Liten kostnadsauke
Som ei symbolsk understreking av kor viktig storleiken på gassrøyret er, overleverte Nordvik i går ein liten stump leidning på tolv tommar til Regionrådet. Han håpa dei kunne vera med på å danna det politiske presset for å overtyda utbyggjar om å velja det største alternativet.
? Der er utrekningar som viser at kostnaden berre vil auka med 8-10 prosent, altså 80-100 millionar kroner, sa han.
Og Lindås-ordførar Tove Linnea Brandvik, som, har leia regionen sitt arbeid mot regjeringa for å få eit gasskraftverk til Mongstad, lova at ein også skal driva påtrykk for å få den største gassleidningen.

Råstoff og
Nordvik understrekar at naturgass er meir enn energi. Det kan vera råstoff og for ulike industriprodukt. Viss regionen får rikeleg tilgang på naturgass, kan dette difor vera utgangspunkt for ny verksemd, og dermed nye arbeidsplassar i regionen.

Nordover
Vidare meiner Nordvik det er viktig å få ein tolvtommars leidning fordi dette kan gje gass til Sogn og Fjordane.
Det føreligg alt planar om å byggja ei avgreining av gassleidningen til Sløvåg i Gulen, men også på Luteland i Fjaler er der prosjekt som er avhengig av gassleidning.
? Å kjempa for ein tolvtommarsleidning til Mongstad må vera den nye, store kampsaka no når gasskraftverket er på plass, konkluderer Nordvik.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler