Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

? No er det borna sin tur

Del | |
MELAND: Helge Bauge (Ap) var svært engasjert då han gjorde greie for kvifor han og Ap gjekk imot utbyggingsplanane i tilknyting til rådhuset. ? No er det borna sin tur, sa han i innlegget sitt.
Publisert 15.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Ein fleire timar lang debatt i Meland kommunestyre onsdag enda med at ei avgjerd om økonomiplanen med investeringar 2008 ? 2011 vart utsett, etter eit framlegg frå ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik (Sp). Frontane stod mellom FrP, Ap og Høgre og resten av kommunestyret. Dei tre partia gjekk i mot planane om utbygging av mellom anna NAV-kontor og eldrebustader i tilknyting til rådhuset.

Vil byggja på rådhuset
Fleire av partigruppene føreslår å byggja på den midtre delen av rådhuset i Meland. Her skal det mellom anna lagast plass for det nye NAV-kontoret. Dette er ei reform som kommunane er pålagt å gjennomføra. Den går på samlokalisering av det noverande arbeidskontoret, trygdekontoret og sosialkontoret. Målet er å få «ei dør» for brukarane, i staden for at dei må gå frå kontor til kontor. I toppetasjen av det nye bygget er planen å etablera åtte nye plassar innan pleie og omsorg med bemanning heile døgeret. Her vil kommunen få støtte til bygginga, medan resten vert finansiert gjennom den husleiga brukarane betalar. Samstundes vil det verta snakk om ei opprusting av rådhuset og laga til bibliotek og eit sørviskontor for innbyggjarane der.

? Eldre i loftsetasjen
Nils Marton Aadland (H) la fram det felles framlegget frå dei tre partia. Han meinte at administrasjonen feilinformerte om mellom anna kvadratmeterprisen på det nye bygget, og hevda at bygget ville kosta ein stad mellom 50 og 60 millionar kroner. Han meinte dette ville påføra store ekstra driftskostnader for kommunen, og viste til at kommunen ifølgje økonomiplanen for 2007 ? 2010 alt no ligg an til å gå med 20 millionar kroner i underskot i perioden.
? Korleis skal ein kunna styrkja skulen, når ein kjem til å auka dette underskotet, spurte Aadland.
Han meinte det finst mange andre alternativ både for nye eldrebustader og for NAV-kontoret enn å byggja på rådhuset.
? Eg har ikkje høyrt ei einaste god fagleg grunngjeving for kvifor det er bra å setja dei eldre i loftsetasjen på eit rådhus, sa Aadland.

Kjensleladd frå Bauge
? Dette var ei overraskande samling av parti som har snakka mykje saman, sa Sigurd Knudsen (Samarbeidslista).
Han meiner det er heilt feil å seia at ein får mindre skule dersom ein byggjer ut ved rådhuset. Han såg det og som veldig viktig både å få lagt NAV-kontoret til rådhuset, og å få på plass ny plassar innan pleie og omsorg.
? Eg er særleg skuffa over Ap. Det var ikkje slik då eg var i partiet, sa Knudsen.
Det fekk Helge Bauge (Ap) til å reagera.
? Eg høyrer at Knudsen er skuffa. Eg er og skuffa over Knudsen, sa Bauge, og held eit flammande innlegg om kor dårleg det står til i Meland-skulen.
Han hevda mellom anna at elevar ikkje får det dei har krav på på grunn av pengemangel, bygga er dårlege og det er for lite klasserom.
? No er det borna sin tur, sa Bauge.

? Populistisk retorikk
Bauge meinte og det er heilt feil at det ikkje finst andre bygg som kommunen kan leiga til mellom anna det nye NAV-kontoret.
? Politikk handlar om å prioritera, og me vågar å prioritera i denne saka, sa Bauge, som også reagerte på ein uttale om at utspelet frå dei tre partia er prega av populisme.
Den skuldinga var det Arnold Tveit (Sp) som kom med tidlegare i debatten.
? Når Høgre kjem med lesarinnlegg i avisene med tittelen «Høgre satsar på skule framfor rådhus», er dette populistisk retorikk som er langt frå sanninga, sa Tveit.
Han påpeika at opprettinga av eit NAV-kontor er noko som kommunane er pålagde å gjera, og meiner at Ap, H og FrP ikkje har sagt i framlegget sitt korleis dei skal løysa dette.

? Hummar og kanari
Marie Morken skulda Bauge for at innlegget hans var meint for media, og avviste at det berre er Ap, Høgre og FrP som vil prioritera skule.
? Bauge blandar hummar og kanari. Sagstad skule er prioritert på investeringssida frå alle, sa Morken.
Ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik (Sp) sa ho var forferdeleg uroa for at ein ikkje skal få samlokalisert sosialtenesta med dei andre etatane, og meinte at det i så fall ville vera øydeleggjande for den tradisjonen dei har hatt i Meland for samarbeid og å finna gode løysingar. Ho var og utroa over kjempeutfordringane innan helse og sosial i kommunen, og meinte det var viktig å få på plass dei nye heildøgnsplassane. Saka vert no utsett til hausten

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler