Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

? Rart vedtak mot vindmøller

Del | |
RADØY: Eit fleirtal i Radøy kommunestyre gjekk torsdag mot at det vert laga reguleringsplan for vindmøller på Mjøs  i denne omgang. Einaste grunneigaren på tilhøyrarbenken, Asgeir Mjøs, reagerte på vedtaket.
Publisert 14.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Eg vil ikkje kjempa for nokon vindmøllepark, men dette var eit litt underleg vedtak, sa Mjøs etter møtet.
Han hadde då lytta til debatten, som enda med at fleirtalet på 16 støtta eit utsetjingsframlegg frå Venstre. Først når staten kjem med ein nasjonal plan for vindkraft, vil Radøy ta stode til søknaden om oppstart av reguleringsplan frå selskapet Gefion, heiter det i vedtaket.
Dei som sa nei til reguleringsplan i denne omgang, var alle sju i Sp, alle tre i Høgre, KrF-gruppa på to, Venstre sine tre pluss Berit Kvalvik frå Ap. Heile Frp pluss fire i Ap ville ha ein reguleringsplan.

Ville hatt plan
? Eg er ikkje blant dei mest skeptiske grunneigarane. Og eg har ikkje vore med på noko protestskriv til kommunen, sa Mjøs til Strilen.
Han gjorde det klart at han godt kunne tenkt seg utarbeiding av ein reguleringsplan som ville belysa prosjektet i full breidde.
Mjøs har likevel reagert på at Gefion har fått ei tilslutning frå grunneigarane som er brukt til å gå vidare med saka.
? Denne tilslutninga er i sin tur nytta til ei førehandsmelding til NVE. Grunneigarar som framstiller dette som ein søknad om konsesjon, slik Strilen skreiv torsdag, tek feil, seier Mjøs.
Etter det Mjøs har kjennskap til, er det ikkje snakk om å utarbeida ein nasjonal plan for vindkraft som Radøy-politikarane etterlyser. Mjøs viser og til at regjeringa etter Soria Moria-erklæringa stiller seg positiv til meir vindkraftutbygging her i landet

Minst konfliktfylt
Rådmannen meiner ein vindpark på Mjøs kan vera positiv for aktiviteten i bygda. Det kan og gje grunneigarane inntekter og gje Radøy ei utnytting av ei fornybar energikjelde.
Førebels vurderingar i administrasjonen ser området på Mjøs som det minst konfliktfylte i kommunen.
Heile hovudutvalet for plan, landbruk og teknisk støtta tilrådinga frå rådmannen om å opna for ein reguleringsplan.

? For fort fram
Men i kommunestyret var stemninga annleis. Eit nyleg NRK-program hadde fått fart på Vigdis Villanger (Sp) si interesse for å vita meir om vindmøller. TV-programmet hadde også gjort ho meir skeptisk.
? Vindmøller er noko nytt på Radøy, og i denne saka går me for fort fram. Kvifor har NVE berre føretatt vindmålingar langs kysten? Det bles vel også i Jotunheimen og Rondane? Først vert fossane langs kysten lagt i røyr, og no skal også kystlinja vår takast til vindmøller, sa Villanger.

Utslepp og kraftline
Ho etterlyste ein nasjonal plan for vindkraft og langt grundigare debatt før ho ville opna for ein reguleringsplan på Mjøs. Som grunneigar på Villanger vil ho ha avklart om ho var ugild, men det kunne verken ordførar Olav Steinar Namtvedt (Sp) eller andre i kommunestyret sjå.
? Radøy er også råka av utslepp frå Sture og Mongstad, inkludert eit komande gasskraftverk. Me skal og ha ei kraftlinje over Radøy. Og det er heilt andre styresmakter enn oss som avgjer om den kjem i jord eller lufspenn, sa Vigdis Villanger.
Ho var skeptisk til at kommunen i tillegg må ofra plass for vindmøller.

Kven som helst
Etter møtet seier ordførar Namtvedt at kven som helst, i teorien, kan få utarbeidd ein reguleringsplan sjølv om kommunestyret seier nei til oppstart.
? Men i eit slikt tilfelle har ein ingen garanti for å få planen godkjend, seier Namtvedt.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler