? Valet er bom eller kø
? Valet står mellom bom eller kø, seier dagleg leiar Svein M. Nordvik i Industrilaget. Han seier at signalet til politikarane frå næringslivet er eintydig; røyst for Nordhordlandspakken.
Publisert 19.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
Utspelet frå Nordhordland handverk- og industrilag kjem i samband med at representantskapet i Regionrådet skal ta stilling til Nordhordlandspakken på møtet måndag. Møtet vert viktig i høve kva som skjer vidare med vegpakken.
Industrilaget har over 200 medlemsbedrifter i regionen, og Nordvik kjenner ikkje til ei einaste av dei som er motstandarar av Nordhordlandspakken. Dei har ikkje spurt medlemmene direkte, men Nordvik seier han ikkje har fått negative signal om vegpakken frå nokon av bedriftene. I tillegg kjem varehandelen, som ikkje er organisert i industrilaget. Nordvik meiner desse også er positive til vegpakken.
? Ingen av bedriftene ønskjer å betala bompengar, og meiner at staten burde ha betalt for vegane. Men dei ser at dette er den einaste løysinga for å få veg i løpet av denne generasjonen, seier Nordvik.
? Utopi å venta
Nordvik meiner det er rein utopi å tru at ein skal få staten til å dekka alle kostnader med vegane i distriktet.
? På grunn av auka kostnad, manglar me 25 millionar kroner for å få realisert Espeland - Herland prosjektet. Dette har ført til store problem, og me måtte kjempa for å få realisert prosjektet. Når me slit med å få finansiert 25 millionar kroner av eit prosjekt som alt ligg inne på Nasjonal Transportplan og er så godt som fullfinansiert, vil det vera heilt utopisk å tru at ein skal få staten til å betala to milliardar kroner til vegar i Nordhordland, seier Nordvik.
Han meiner difor valet står klart mellom å røysta ja til Nordhordlandspakken, eller å akseptera dårlege vegar og å sitja i kø i mange år framover.
Opptekne av næringspolitikk
Industrilaget sendte 10. mars ut eit skjema med mellom anna spørsmål om næringspolitikk og vegar til 43 lokale partigrupper i regionen. Svarprosenten har vore så som så, rundt ti svar. Men Nordvik seier at dei som har svara uttaler seg positivt til næringspolitikk, og dei meiner og at dårlege vegar er eit hinder for vidareutvikling av distriktet.
? På måndag kan politikarane visa at dei verkeleg meiner dette, ved å røysta ja til Nordhordlandspakken, seier Nordvik.
? På tide å snu
? Dersom ein seier at einaste måten å få nye vegar på er med bompengar, ja så vert det slik. No er det på tide å snu og tenkja nytt. Det er Staten som skal betala for vegutbygginga i Noreg, seier Svein-Atle Engeseth, leiar for Nei til meir bompengar i Nordhordland.
Engeseth meiner at det må ei total haldningsendring til blant politikarane, og ein kan like godt starta med ein gong. Dersom ein berre held fram med å akseptera at vegane skal finansierast med bompengar, vert det aldri ei endring.
? Staten har nok pengar. Det handlar berre om vilje, seier Engeseth.
Han er og forundra over at dei som går inn for Nordhordlandspakken heile tida viser til Nasjonal transportplan, NTP.
? NTP er inga grunnlov. Årsaka til at det er få vegprosjekt inne på NTP, er at det vert løyvd for lite pengar til vegutbygging i Noreg. Det er dette ein må gjera noko med, og då vil og transportplanane sjå mykje betre ut, seier Engeseth.
Nei til meir bompengar i Nordhordland startar no eit arbeid for å klaga denne saka inn for EFTA sitt overvakingsorgan, ESA. Dette vart omtala i Strilen førre laurdag. Dei har og kontakt med andre bompengemotstandarar i Noreg, som også klagar bompengesaker inn for ESA.
Engeseth seier og at Nei til meir bompengar vil følgja med på kva som skjer på representantskapsmøtet i Regionrådet måndag. Han håpar saka stoppar der.
Espeland ? Herland i boks
Det oppstod problem då vegstrekninga Espeland ? Herland vart rundt 25 millionar kroner dyrare enn tidlegare rekna. Prosjektet stod dermed i fare. Vegen er finansiert med 50 millionar kroner frå staten, samt 60 millionar kroner frå næringslivet i regionen og 10 millionar kroner frå Lindås kommune i forskoterte midlar. Svein M. Nordvik i industrilaget seier no at dette ser ut til å ha ordna seg, og Statens Vegvesen seier dei har som intensjon å inngå kontrakt 30. mai.
? Dermed ser det ut til at denne viktige vegstrekningen kan stå klart til jul 2007, seier Nordvik.
Fakta:
Representantskapet i regionrådet handsamar Nordhordlandspakken på møtet måndag 22. mai klokka 13 ? 15 i rådhuset på Radøy. Styret i rådet, som er samansett av ordførarane frå kommunane i Nordhordland, har vorte samde om eit forslag til Nordhordlandspakke. Dette er grunnlag før drøftingane i representantskapet. Representantskapet er samansett av 19 representantar, to frå kvar av kommunane Austrheim, Fedje, Masfjorden og Modalen, tre frå kvar av kommunane Meland og Radøy og fem frå Lindås.
Derifrå går Nordhordlandspakken til handsaming i dei ulike kommunestyra, vidare til Fylkestinget og dersom dei seier ja skal saka til handsaming i Stortinget. Det er Stortinget som tek den endelege avgjerda om prosjektet. Pakken inneber ca. 2 milliardar kroner til vegar i regionen, der halvparten skal dekkast av staten og resten av brukarane av vegane gjennom bompengar. Om lag halvparten av beløpet skal gå til bygging av Nyborgtunnelen, resten til vegprosjekt ulike stader i Nordhordland. Meir informasjon om Regionrådet finn ein på www.nordhordland.net.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]