Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

«Alle mann» på sikkerheitskurs

Del | |
Heile 25.000 Statoil-tilsette og samarbeidspartnarar har til no delteke på oppstarten av Statoil sitt Kollegaprogram. Kurset vert arrangert i Stavanger, og folk reiser heim igjen med sterke inntrykk.
Publisert 01.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
I førre veke var 250 deltakarar samla på kurs i Stavanger, rundt halvparten av dei arbeider på Mongstad. Rund 30.000 skal på dette kurset før selskapet er i mål med prosjektet, og når dei kjem tilbake til arbeidsplassen vert arbeidet følgd opp vidare på møte og samlingar. Statoil har til no brukt eit par hundre millionar kroner på dette programmet for at tilsette og leverandørar skal unngå ulukker, skadar og dødsfall.

Både jobb og fritid
Kurset fokuserer ikkje berre på tryggleik på arbeidsplassen. For, som det vart sagt på kurset, me er heile menneske. Er ein oppteken av tryggleik, er ein det både på jobben og i fritida. Statoil arbeider difor at tilsette og leverandørar skal tenkja tryggleik 24 timar i døgeret. Og for svært mange arbeidstakarar er det kanskje ikkje på sjølve jobben ein er mest utsett for fare, men heller på bilturen til og frå jobben og i fritida.

Sterke inntrykk
Dei som har vore på oppstartkurset i Stavanger, reiser nok heim igjen med tankar som ligg langt framme i pannebrasken lenge. Statoil spara ikkje på effektane. Dei 250 deltakarane i ein mørklagt sal vert eksponert for sterke filmar og historier forstørra på tre store skjermar bak scena. Tidleg i kurset vert ein presentert for Bente Frugård, som mista mannen sin Rune i ei arbeidsulukke på ein båt i 2001. Han vart berre 32 år gammal. Frugård og andre pårørande fortel om korleis dei opplevde hendinga og om livet etterpå.

Stille avvik
På kurset vart det og fokusert på avvik frå prosedyrar og retningslinjer som vert aksepterte i kvardagen, såkalla stille avvik. Sjølv om dette nesten alltid går bra, vil før eller seinare alle føresetnader vera tilstades for at det går gale. Dette vart samanlikna med eit isfjell. Over sjøen viser uønskte hendingar, ulukker ? og dødsfall. Den delen av isfjellet som er under sjøen, er årsakene til hendingane. Blant desse årsakene er det mange stille avvik. Kursdeltakarane vart både i grupper og i plenum utfordra til å koma med døme på stille avvik på arbeidsplassen. Også leiarane kom med slike døme. Det kom fram at det var mykje å ta tak i på dette området i Statoil, som i dei fleste andre bedrifter.

Viktige barrierer
Både utstyr, anlegg, prosedyrar, overvaking og allarmar er barriærer mot arbeidsulukker. Men når alt dette sviktar, er mennesket den siste og viktigaste barriæra.
I Kollegaprogrammet vert det fokusert særleg på følgjande barrierer; rett prioritering, etterleving, open dialog, løpande risikovurdering og omtanke for kvarandre.
Dersom nokon ser avvik og brot på retningslinjer på og utanfor jobben, har dei ikkje berre lov ? men også plikt til å seia i frå. Statoil ønskjer å opparbeida ein kultur der slike påminningar vert svara med ei takk, ikkje med irritasjon og sinne.
Ein prøver også å innarbeida rutinar med at folk stoppar opp og tenkjer seg om før dei handlar. Det skal ofte ikkje meir enn eit par sekund til, før ein kanskje finn ut at oppgåva burde løysast på ein meir sikker måte.

Følgjer opp
Men denne jobben er ikkje gjort berre med eit todagars kurs i Stavanger. Difor følgjer Statoil opp med møte og samlingar etter at folk har kome tilbake på arbeidsplassen. Eit døme på stille avvik kan rett og slett vera at ein tek bussen utan å festa sirkingsbeltet. Og ? at medpassasjerane er for feige til å minna om dette avviket. Å snu seg vekk vitnar ikkje om omtanke for andre. Det går stort sett bra å køyra utan sikringsbelte på bussen, for dei fleste heile livet, utan at noko skjer. Men før eller seinare er alle føresetnader tilstades for at uheller skjer og at bussen køyrer av vegen.
Då kunne sikringsbeltet på bussen ha redda liv.

? Den viktigaste i nokon sitt liv

Sikkerheitsinstruktør Odd Sevland var nær ved å døy etter ei arbeidsulukke i 1996. Årsaka til ulukka var at han sjølv og andre tok snarvegar og hoppa over sikringsprosedyrar og reglar.

? Nokon unnskylder seg med at det berre er dei sjølv det vil gå utover når dei tek sjansar. Men slik er det ikkje. Det er andre som må betala rekninga dersom du døyr, for du er den viktigaste i nokon sitt liv, sa Sevland i eit gripande føredrag for deltakarane på kurset i Stavanger.

Skulle aldri skjedd
Over halvparten av kroppen til Sevland vart sterkt forbrend i arbeidsulukka.
Dette var ei ulukke som aldri skulle ha skjedd, men som likevel skjedde fordi han sjølv og andre over tid valde fleire og fleire enkle løysingar, i strid med alle reglar, forskrifter og prosedyrar.
Det var ein varm føremiddag på seinsommaren i 1996. Sevland skulle arbeida halv dag, og hadde lova kona og familien å koma heim klokka 12.30 for å dra på båttur. Han og kollegaene skulle demonstrera ulike typar brannar for ei gruppe kursdeltakarar, mellom anna brann i metanol.
? Etter prosedyrane skal alle som driv med varme øvingar på øvingsfeltet ha fullt brannsikringsutstyr. Men eg var berre observatør denne dagen, og me hadde gradvis vent oss til at observatøren ikkje brukte sikringsutstyr, fortalde Sevland.
Flammesikker bukse, jakke og hjelm er varmt og ubehageleg å ha på seg, særleg på varme sommardagar, forklarte han.

Braut reglar
Instruktørane vart litt forseinka i programmet den føremiddagen, og det var berre eit kvarter igjen til lunsj då siste demonstrasjon, brann i metanol, stod på programmet. Den ansvarlege for demonstrasjonen fekk akutt migrene, og måtte brått gå inn for å leggja seg ned. Den andre instruktøren hadde då alt gått for å kle av seg. Dei hadde gjort det til ein vane at ein av instruktørane kunne gå eit kvarter før lunsj. Sevland ville nå heim til båtturen, og kursdeltakarane ville til lunsj. Han tok seg difor ikkje tid til å ta på seg brannsikringsutstyret, men tok over demonstrasjonen i vanleg kjeledress og pottehjelm.

Mangla nauddusj
Første demonstrasjon gjekk greitt. Men under andre demonstrasjonen small det, og Sevland fekk brennande metanol over heile seg, også i munnen og halsen. Han sprang for å finna noko å sløkkja med, men dei hadde og vent seg til å ikkje ha nauddusj med seg på demonstrasjonsområdet. Det var så upraktisk då vatnet fraus om vinteren.
Sevland fann til slutt ei tønne med varm olje som han helte over seg. Det hjelpte lite så han seig saman og gav opp. Kursdeltakarane kom til med eit pulverapparat, og tømte det over Sevland. Dette redda livet hans.

Andre må betala
Sevland brukte det lange sjukehusopphaldet til å tenkja. Først reagerte han med frustrasjon og sinne, mellom anna mot arbeidsgjevaren. Seinare fann han ut at han hadde seg sjølv å takka.
? Å ta sjansar i jobb og fritid unnskylder enkelte med at det berre er dei sjølv det går utover. Dette er heilt feil. Den som døyr på grunn av dette stikk av frå rekninga. Det er kone, barn og dei andre som vert igjen som må betala, sa Odd Sevland.
Sjølv om Sevland overlevde, har han framleis born som slit med angst og uro når han skal på jobb.

Som lotto
Ein kan ta mange sjansar og snarvegar arbeidsliv og fritid. Som regel går det heilt greitt. Men før eller seinare er alle føresetnader tilstades for at det går gale.
Sevland samanlikna dette med lotto.
Dei fleste trur det er heilt umogleg å vinna, men like fullt vert det fire nye lottomillionærarar kvar veke. Når ein gjer feil, bryt med reglar og prosedyrar, legg ein ein innsats inn i «lotteriet».
Det går kanskje lang tid før noko skjer, men før eller seinare går noko gale for nokon.
Den dagen då Sevland sjølv vart livstrugande skadd, var ein slik dag då alle føresetnader var tilstades.
Mellom anna vart den eine instruktøren sjuk, den andre hadde gått tidleg til lunsj,
dei mangla nauddusj på demonstrasjonsområdet og Sevland mangla brannsikre klede.




Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler