Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Aarvik sluttar som einingsleiar

Del | |
LINDÅS: Terje Hugo Aarvik sluttar som einingsleiar for dei to skulane i Knarvik. Utdanningsforbundet meiner eit umenneskeleg arbeidspress må ta skulda.
Publisert 20.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Eg har ikkje levert noko oppseiing, men eg kan stadfesta at eg har sagt ifrå at eg ikkje vert ståande i denne jobben, seier Aarvik til Strilen. Han seier at han gav denne meldinga til administrasjonen tidlegare denne veka.
Ut over å stadfesta at han sluttar i den doble rektorjobben, ønskjer Aarvik ikkje å gje kommentarar. Han ber om at hans namn i minst mogleg grad vert trekt inn i saka.

Har fått signal
? Eg har vorte orientert om at Aarvik er sjukemeld, men både dette og handteringa av innspurten av skuleåret vert takla administrativt, seier ordførar Tove Linnea Brandvik. Ho har så langt berre hatt tid til å ha ein kort samtale med rådmannen om saka.
? Har du fått signal om stort arbeidspress?
? Både og. For skulane i Knarvik er situasjonen spesiell, i og med overføring av Alversund-elevar og utbyggingsplanar. Dette har kome i tillegg til nye oppgåver som omorganiseringa midt i skuleåret førte til, seier Brandvik.
Ho ser ikkje bort frå at kommunen kan måta drøfta korleis ein skal løysa det ekstra arbeidspresset for Knarvik-skulane, og om det trengst justeringar av dagens organisering. Men ordføraren vil ikkje ha noko meining om den konkrete saka kan knytast opp mot omorganiseringa.
 
? Enormt arbeidspress
? Som leiar i Utdanningsforbundet i Lindås føler Laila Rydland seg sikker på at Aarvik sluttar på grunn av eit altfor stort arbeidspress.
? Konkret kva Aarvik har uttalt til meg, er det ikkje rett av meg å gå ut med offentleg Men på generelt grunnlag vil eg hevda at einingsleiarane med ansvar for fleire skular, har eit enormt og umenneskeleg arbeidspress, seier Rydland.
? Har dette arbeidspresset kome som eit resultat av omorganiseringa?
? Ja, dette gjeld for dei som leiar to skular. For Knarvik sin del har einingsleiaren svært mange tilsette, elevar og foreldre å forhalda seg til. Det går i møte og innspel heile tid, og i tillegg kjem arbeid med planane for utbygging av ungdomsskulen.
Rydland reknar med at den konkrete saka der Aarvik har sagt opp, vert tatt opp i neste møte Utdanningsforbundet skal ha med rådmannen.
? Utdanningsforbundet vil jobba vidare for å få tilbake ordninga med ein rektor på kvar skule, seier Rydland.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler