– Alle tener på at Knarvik får veksa
MEIR BY: Ein blodfersk plan vil at Knarvik må verta meir by og skapa fleire arbeidsplassar.
BRA FOR ALLE: – Det vil heile regionen tena på, seier regionrådsleiar Jon Askeland.
Endret 20.01.12 18:11
– Knarvik kan gjerne få så høge bygg at dei visest frå Bergen! spissformulerer alltid engasjerte Asbjørn Algerøy, dagleg leiar i Business Region Bergen.
Det litt meir formelle svaret er at kor mange etasjar som skal tillatast i Knarvik, vert det Lindås kommune sin jobb å avgjera. Også regionrådsleiar og Radøy-ordførar Jon Askeland, som tok mot rapporten torsdag, overlet til Lindås-politikarane å utforma Knarvik i åra framover.
Samstundes utfordrar Algerøy og Askeland alle kommunane rundt Bergen til å få på plass nye næringsareal. Regionsentera må sata på fleire kompetansearbeidsplassar.
– Samstundes må Lindås og Austrheim få ros for å setja av rikeleg med nytt industriareal rundt Mongstad, seier Algerøy.
86.000 nye jobbar
Rapporten sine ønskje er og klare når det gjeld tettare samband på Vestlandet:
– Me vil ha på plass blant anna ferjefritt samband Bergen-Stavanger og få utgreidd intercitytog på same strekning, opplyste Algerøy.
Han sette fokus på at all utvikling ikkje kan skje i Bergen.
– Satsar heile regionen rett, kan det koma 110.000 nye innbyggjarar fram til 2030. Då trengst det og 86.000 nye jobbar og mange nye bustader, er Algerøy og Business Region Bergen sin visjon.
Den nye rapporten er ei samla ønskjeliste for næringsutvikling i heile Business Region Bergen. Der er Nordhordland med, og som nyvald leiar klappar Jon Askeland for vyene om fleire spennande jobbar i senterområdet Knarvik.
– Sats gjerne også på «Kystbyar» med konsentrerte bustader ikkje så langt frå Knarvik. Radøysundet bør ha fleire stader som eignar seg. Manger må og få tettare bustadutbygging, ivrar Askeland.
Olje, vatn og vind
Næringane som rapporten prioriterer høgast er oljeverksemda, vasskraft, vindkraft, fjernvarme, maritime og marin næringar samt media/kultur og reiseliv/opplevingar.
– Eg ser rapporten som ei tung satsing på Mongstad. Dette er ein god dag for regionen, med denne rapporten i tillegg til storgevinst til Austrheim i Viking-Lotto og berginga av snøggbåten! seier Askeland.
Han støttar Algerøy si satsing på «knutepunkt»-alternativet. Det legg opp til vekst kring Bergen sentrum, bydelssentra og lokalsentra i Bergen, samt Knarvik-Frekhaug, Straume med «Sotra Kystby», Kleppestø og Osøyro.
Målet er at 80-90 prosent av veksten i arbeidsplassar, skal koma i desse områda. Resten skal koma i «ytre område», der blant anna Mongstad, Kollsnes, Ågotnes og Leirvik inngår.
Tok årets første bad
MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.
Tog og is uansett ver og vind
Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.
Til NM med tidenes verste fødsel
Fedje Teaterlag er kvalifiserte til noregsmeisterskapen i revy på Høylandet.
- Elvemuslingen er ikkje daud!
MELAND: I fjor frykta Mjåtveitelvens forening at elvemuslingen var utdøydd frå elva. Denne veka kom gladnyheiten. Det er funne elvemuslingslarver på aure i elva.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Fire på sjukehus etter kollisjon på Radøy [19.04.13 10:46]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Einebustad brann ned til grunnen [18.04.13 13:25]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Sende Hakkebakkeskogen til nye høgder [21.04.13 18:54]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





