«Alle» vil ha ny Alversund-skule
LINDÅS: Tilrådinga frå foreldra i Alversund er klar: Bygg ny ungdomsskule ikkje alfor nær dagens skule. Det vert ein «vinn/vinn»-situasjon, meiner FAU-leiar Nina Bognøy. Ho får støtte av resten av FAU, blant anna Mette Bøe og Siw Hauge. FAU i Knarvik støttar ønskjet om ny ungdomsskule i Alversun.
Publisert 04.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
? Vårt råd er ei klassevis overflytting til Knarvik ungdomsskule og at det vert bygd ein heilt ny ungdomsskule i Alversund. Når den er klar, kan elevane flytast tilbake. Då vert det ledig plass der, seier Nina Bognøy.
Har med seg dei andre foreldra i foreldreutvalet sitt arbeidsutval, blant anna Mette Bøe og Siw Hauge.
I utvalet er det full semje om at elevane i Alversund må få ein eigen og ny ungdomsskule.
Avstand
Tilrådinga frå FAU i Alversund vart postlagt 31. mars, som var fristen for å uttala seg til utvalet som ser på utbygging av skulane i søre Lindås.
Men Nina Bognøy strekar under at FAU ikkje vil ha ein ny skule heilt opp til den eksisterande 1-9 skulen.
? Me har ikkje tatt stilling til tomteval for ein ny ungdomsskule. Men me meiner heilt klart at skulen bør koma eit stykke borte frå dagens skule. Grunnen er at me vil ah ei tydeleg oppløysing av dagens 1-10 skule. Den har fått for mange elevar, meiner Bognøy.
«Vinn/vinn»
Dei tre mødrene i FAU meiner det er naturleg med flytting av elwvar frå 8. klassetrinnet.
? Dei elevane må ein rekna med vil vera ferdige med ungdomsskulen inntil ein ny ungdomsskule i Alversund står ferdig, påpeikar Mette Bø.
FAU-medlemene meiner ei overflytting vil løysa det akutte pronblemet ved Alversund skule.
Og dei viser til at med eit nybygg i Alversund, kan elevane flyttast tilbake og det vert ledig plass til den auken av elevar som etter kvart kjem i Knarvik.
? Det vert ein «vinn/vinn»-sutuasjon både for Knarvik og Alversund, meiner Nina Bognøy.
Proppfull
Dagens 1-10 skule i Alversund er som før omtalt på veg mot 500 elevar. For eit par år sidan svarte eit stort fleirtal av foreldra at dei heller ønskte Knarvik som skulestad for ungdomstrinnet.
? Men då var ikkje eit nybygg for ungdomstrinnet med som alternativ. Foreldra var mot ulike løysingar med tilbygg. Dei var redd ein endå større skule og såg det som uhaldbart, seier Bognøy.
Det tre viser til at alt til hausten vert Alversund skule proppfull.
? Nynorsk-klassen med 1. klassingar har 28 elevar og toler ikkje fleire før deling. Både uteareal, og gymsal er sprengt. Speialrom som mediatek og musikkrom vert tatt til klasserom., seier Siw Hauge.
Nina Bonøy trur enkelte vil synast det er luksus å ha eigne rom som mediatek og musikkrom.
? Men det trengst ved ei så stor skule, seier Bognøy.
Støtte frå Knarvik
Som i Alversund, meiner også foreldra i Knarvik at det er best med ein ny ungdomsskule i Alversund. FAU i Knarvik konkluderer med at det ikkje er ønskjeleg med ein felles ungdomsskule. Men likevel må dagens ungdomsskule i knarvik utvidast.
? Det er ikkje det at me ikkje ønskjer at Alversund-elevane kan gå i Knarvik. Men det vil vera lite framtidsretta å byggja ein ny skule som alt om få år vil vera full, seier FAU-leiar Ingvar Aasgard.
Nei til kjempeskule
I ei spørjeundersøking svarer 57 heimar av Leiknes-foreldra at elevane bør halda fram ved Knarvik ungdomsskule. 29 svarer Ostereidet og for 14 er det det same om elevane går til Ostereidet eller Knarvik.
Eit stort fleirtal synest også det er ei dårleg løysing å løysa plassproblem på Leiknes skule ved å flytta elevar til Ostereidet. 89 heimar vender tommelen ned for flytting av 5.-7. klasse på Leiknes til Ostereidet. Berre 11 synest dette er ei god løysing.
FAU ved skulen sluttar seg til den løysinga fleirtalet av foreldra ønskjer. Men det vert også peika på at ein del foreldre er skeptiske dersom politikarane vil satsa på ein kjempeskule i Knarvik.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]