Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Alversund forlangar ny ungdomsskule

Del | |
 LINDÅS: Frå 150 frammøtte på onsdagens folkemøte var meldinga til politikarane klar. Gje Alversund ny ungdomsskule snarast. Blant dei som er i «tenkeboksen», er fungerande ordførar Kåre Gaulen. Han antyda mellombels seksjonsbygg til Alversund, som så kan flyttast til Leiknes skule.
Publisert 11.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Seksjonsbygg kan vera ei akseptabel løysing. Men eg vil ikkje binda meg her på møtet, sa Kåre Gaulen (KrF) (Biletet til venstre). Som politikar hadde han ikkje vanskar med å ta sjølvkritikk for at kommunen har kome på etterskot med skuleutbygginga i Alversund, der politikarane har opna for kraftig bustadbygging dei siste par åra.
Etter at folk kom på plass, stod teksten «Alversund ? den glemte bygda» å lesa på lerret framme ved scena i gymsalen. «Tonen» frå møtet var  klar: Her skulle politikarane få klar melding. Og det store frammøtet avdekkar si tydeleg mobilisering bak krava.

? Folk lagar ungar
? Bustadbygging tyder og at det kjem folk. Og folk får ungar. Har de ikkje tenkt på det? provoserte den kjende frilansaren Hans Gunnar Skarstein, som var engasjert som leiar av paneldebatten. Han tok dei fastbuande sitt parti og provoserte både Gaulen og Terje Hugo Aarvik (Ap). Sistnemnde har vore leiar i utvalet der eit fleirtal tilrår stor ungdomsskule i Knarvik i første runde, slik at elevar frå Alversund klassevis kan flyttast dit.
Når Aarvik forsikra at «ein vil sjå kva behovet tilseier av utbygging i Alversund seinare», tyda utbrot frå salen på at fleire var tvilande til denne forsikringa. Aarvik stod likevel på si vurdering, blant anna for å halda seg innafor ei økonomisk ramme på 69 millionar kroner som utvalet er bedne om å halda seg til. For desse pengane vil Aarvik og resten av utvalet byggja på eller byggja større ungdomsskule i Knarvik pluss gje Leiknes skule ei utviding.

Bustadbygging
Aarvik viste elles til at kommunen kan risikera rettssaker avdi utbygging er nekta for område som er klarerte for bustadbygging etter kommunedelplanen. Dette grunngav Aarvik med politiske ønskje om å bremsa utbygginga for å prøva å unngå å sprengja skulen.
? Politikarane stoppa vel ein del utbygging først og fremst etter press for velforeninga, meinte Arne Sæbø, ein av fleire i salen som kritiserte politikarane og forlangte ny ungdomsskule snarast.
May-Eva Sandvik (H) (biletet til venstre) stillte i panelet som forkjempar for å byggja ny ungdomsskule i Alversund straks. Ho fekk sterk applaus for dette standpunktet. Sandvik er i mindretal i skule-utvalet for dette synet.
Signal frå partikolleger av Sandvik etter møtet tyder på at meiningane i Høgre-gruppa er delte i denne saka.

«Flaktveit-tendensar»?
Blant innleiarane på møtet var Frode Bergo Larsen som er leiar i Flaktveit Idrettslag i Åsane. Han viste til negative verknader av den sterke utbygginga der på 1970- og 80-talet. Folketalet auka med 10.000 innbyggjarar utan at det var planar om skular og idrettsanlegg.
Larsen gav eit bilete av ein lang kamp frå idrettslaget og innbyggjarane for å få på plass skular og idrettsanlegg. Eit negativt fokus i media på narkotika og hærverk er snudd til positive tonar. Bustadprisar som raste nedover grunna negativ utvikling og omtale, har snudd oppover att. Området har fått skryt for engasjemntet frå blant anna BT på leiarplass. Og då Larsen las denne teksten, vart han straks avbroten av spontan applaus frå salen.
Frå salen vart det og hevda at manglande satsing frå kommunen gjer at Alversund i dag merkar dei same negative tendensane som Flatveit sleit med.
Ei viss politisk avklaring av skulesaka vil koma når formannskapet møtest til ekstramøte torsdag ettermiddag. Møtet er ope for alle og startar kl. 14.30. Etter invitasjon frå formannskapsmedlem Bjørn-Arne Aakvaag (Frp) vert møtet halde i Karihaugen i Knarvik.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler