Alvorleg skadd av ku
MELAND: Ein eldre mann (72) vart alvorleg skadd då han vart angripen av ei ku ved Brakstadfjellet torsdag kveld.
Publisert 08.06.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
Mannen gjekk ein tur med hunden sin på kvelden, og vart meldt sakna då han ikkje kom tilbake og dei pårørande ikkje kunne finna han, opplyser politiførstebetjent Harald Romarheim ved Lindås og Meland lensmannskontor. Det vart starta ein leiteaksjon, der dei og hadde med seg ein politihund. Dei fann mannen i eitt-tida om natta.
Sendt til sjukehus
? Mannen hadde vorte stanga ein del gongar. Han vart skadd i ryggen og kom seg ikkje derifrå. Han vart sendt til sjukehus med ambulanse, seier Romarheim.
På kveldsturen hadde mannen kome inn på eit beiteområde, der det gjekk ei ku med kalv.
Frå Haukeland Universitetssjukehus får Strilen opplyst fredag klokka 10.30 at tilstanden til mannen er alvorleg, men stabil. Han har fått ryggskader, og skal opererast.
Uvanleg hending
Det er sjeldan kyr går til åtak på menneske, seier veterinær Trond Henriksen ved Mattilsynet i Nordhordland.
? Men dersom ei ku med kalv føler at kalven er truga, er morsinstinktet veldig sterkt, og ho vil verna kalven, seier Henriksen.
I løpet av mange år som praktiserande veterinær har han opplevd to gongar å verta angripen av kyr. Den eine gongen vart han pressa oppetter ein vegg av ei ku med horn. Han tok tak i horna og fekk etter kvart hjelp av bonden til å jaga kua vekk. Også den kua hadde kalv.
? Det er ikkje alltid godt å seia korleis dyr tenkjer og reagerer, og ein bør difor aldri stola heilt på dei, seier Henriksen.
Det hender oftare at kyr jagar hundar som kjem inn på beitet. Når det gjeld å gå til åtak på menneske, er det meir vanleg at oksar gjer dette enn kyr, fortel han.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]