Åmdal Sandvik vraka med knapp margin
MELAND: Sitjande ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik vart måndag kveld vraka som toppkandidat på Høgre si liste til neste års kommunestyreval. Nils Marton Aadland vann plassen med 12 mot 11 røyster. Åmdal Sandvik seier at ho er skuffa over leiaren i Meland Høgre, som held ein tale på møtet som berre kunne oppfattast som klar mistillit til ho som sitjande ordførar.
Publisert 28.11.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
? Det er vel rett å seia at Solbjørg var skuffa, men det må ho helst svara på sjølv, seier leiaren i Meland Høgre, Ragnar Bratland, etter kampvoteringa.
Bratland seier at han beklagar at partiet skulle koma opp i denne situasjonen. Eit frammøte på 23 på nominasjonsmøtet er meir enn vanleg, og Bratland seier at det unekteleg viser at det har vore mobilisering.
Møtet måndag avgjorde dei to øvste plassane på lista. Eit nytt møte i februar vil setja opp lista vidare frå nummer tre.
? Uheldig og kjedeleg
? Dette har vore både uheldig og kjedeleg for partiet. For Solbjørg sin del var det høgst ufortent at det skulle enda med ein open strid. Men ho har sjølv vald den situasjonen og ikkje tatt signala frå ein samrøystes nominasjonskomité, meiner Bratland.
Nominasjonskomiteen med Jorunn Brakstad, Terje Larsen, Steinar Erstad og Torbjørg Bergersen hadde samrøystes gått inn for Aadland som 1. kandidat og Elna Bjørndal som nummer to.
? Eg hadde håpa at Åmdal Sandvik kunne gå av etter åtte år som ordførar med talar og applaus. Difor er eg svært lei meg for at ho valde kamp, seier Bratland.
? Men Åmdal Sandvik hadde tydelegvis ei nokså brei støtte i og med at ho berre tapte med ei røyst?
? Det kan du seia, men avrøystinga viser at det i stor grad er dei mest aktive i partiet, i styret og kommunestyregruppa, som har ønskt ein ny toppkandidat, seier Bratland.
Strilen lukkast tysdag føremiddag ikkje i å få tak i Nils Marton Aadland.
Reagerer på mistillit
? Nominasjonsmøtet var reelt og greitt, men eg var skuffa over den massive mistilliten som Ragnar Bratland uttrykte, som leiar i Meland Høgre. Han hadde ein tale som berre kunne oppfattast som ein veldig klar mistillit til meg som sitjande ordførar. Det synest eg var trist, og det var fleire enn meg som reagerte på det, seier Åmdal Sandvik.
Ho er usikker på kor gunstig det er for partiet at Nils Marton Aadland som fylkesleiar stillte opp som motkandidat med bakgrunn i den klare kritikken av henne som sitjande ordførar.
Åmdal Sandvik viser også til at nestleiaren i Meland Høgre, Johan A. Andersen, saman med Simon Simonsen, som køyrde fram hennar kandidatur.
? Sjølv er eg overraska over at utfallet vart så jamnt.
? Fellte du ei tåre etter å ha vorte vraka?
? Nei, overhovudet ikkje! Det er det ikkje verdt.
? Kjem du til å gå tilbake til læraryrket?
? Eg har jo permisjon frå ei stilling som lærar, men no konsentrerer eg meg mest om jobben som ordførar i Meland enno eit år. Akkurat no er eg i Oslo i samband med utdelinga av statens tiltakspris for bustadslause. Der er Meland ein av fire nominerte, seier Åmdal Sandvik til Strilen tysdag føremiddag.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]