Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Angripen av illsint tiur

Del | |
MASFJORDEN: Hans Rambjør ante fred og inga fare då han rusla nedover fjellet. Brått kjende han eit nebb som beit fast i leggen. Klør krafsa oppetter beina hans. Han hadde fått ein sint tiur på nakken.
Publisert 12.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Fuglen var utruleg aggressiv. Eg tok staven og ville jaga han, men fuglen tok berre staven i nebbet og reiv han frå meg, seier Hans Rambjør.

Det var på siste turen etter sauene til Sjur Vågseth at episoden skjedde, den 2. oktober. Rambjør gjekk bak for å sjekka at alle sauene var komNe med.

? Me byrja å koma ned mot brekkene frå Dyrebotnsfjellet, og var nesten nede ved dei gamle husa. Då flaug tiuren på meg første gongen. Han sleit staven frå meg, og eg måtte kasta sekken for fuglen var så pågåande, seier Rambjør.

Han fekk fuglen unna, plukka opp staven og sekken og gjekk vidare.

? Brått var den illsinte tiurender igjen. Han hoppa opp på sekken min, ikkje ein, men to gongar, seier Rambjør.

Stein Byrkjeland, naturforvaltar hjå Fylkesmannen i Hordaland, seier at tiuren er kjend for å vera aggressiv.

? Det er jo hormonelt betinga, og då er det jo mest naturleg at dei er aggressive om våren. Men generelt er dei vel kjend for å vera aggressive.  Rambjør er glad han hadde kamera i sekken den dagen, og syntest det var kjekt å få bilete av angrepet.

? Eg trudde aldri eg skulle oppleva noko slikt. Det var ganske ubehageleg, spesielt andre gongen. Fuglen hadde jo solid nebb og klør, seier Rambjør.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler