Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Anleggsstart i Romarheimsdalen

Del | |
LINDÅS: No er anleggsmaskinene på plass i Romarheimsdalen. Arbeidet med det etterlengta vegprosjektet starta måndag, og 1. september 2008 skal det stå ferdig.
Publisert 05.01.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Første arbeidsdagen i det nye året var folk frå Mesta på plass i Romarheimsdalen. Arbeidet med ny veg og tunnel mellom Gamlesetra og Nipetjørn er i gang.

? Me startar arbeidet på skjeringa som skal koma nordom Gamlesetra, fortel byggeleiar Arne B. Strand i Mesta til Strilen.

I første omgang er det berre fire mann i arbeid med ei gravemaskin og ein borerigg, men aktiviteten vil auka kraftig framover vinteren. I begynnelsen av mars skal anleggsarbeidet vera i gang for fullt.

Så langt er det ikkje mykje trafikantane merkar til anleggsarbeidet. Ein har alt flytta kraftlina, og no skal ein laga anleggsveg opp til der sprenginga av vegskjeringa skal begynna. Ein skal også fylla ut noverande veg noko, slik at  det skal verta lettare å passera. Men Strand seier at bilistane nok må belaga seg på litt venting og fartsavgrensingar når arbeidet er i gang for fullt. Det vil koma opp skilt om dette.

Totalt er anlegget i Romarheimsdalen kostnadsrekna til 230 millionar kroner. Av dette har Mesta kontrakt på 148 millionar kroner. I tillegg kjem planlegging, prosjektering og alt som har med det tekniske, som lys og kommunikasjon, i den 940 meter lange tunnelen som skal byggjast.

Samla skal det byggjast 7200 meter hovudveg, 500 meter lokalveg og 1000 meter jordbruksveg og avkøyrsler. Fire bruer og to rasoverbygg/portalar er også med.

Alt dette skal stå klart til bruk 1. september 2008. Då er det nok mange trailersjåførar og andre som pustar letta ut.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler