Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 
Annankvar ungdom trur han vert buande

Annankvar ungdom trur han vert buande

Del | |

Litt under halvparten av ungdommane i Nordhordland trur at dei kjem til å verta buande her når dei vert vaksne, viser ei undersøking.

Publisert 07.09.11 17:50
Endret 07.09.11 17:51

Både Kjetil Andre Hatlem frå Solund og May Iren Sylta frå Radøy er nøgde med heimplassen sin og kan godt tenkja seg å verta buande der når dei er ferdige med utdanninga.

17 prosent av unge som er intervjua i Hordaland fylkeskommune si spørjeundersøking blant elevar i vidaregåande skule i Nordhordland, trur det er svært sannsynleg at dei kjem til å etablera seg i distriktet når dei er ferdig utdanna. 27 prosent trur det er ganske sannsynleg.

I andre enden av skalaen er det 18 prosent som meiner det er svært usannsynleg at dei kjem til å etablera seg her og 13 prosent som finn det ganske usannsynleg.

I undersøkinga har 215 elevar på andre trinn ved Knarvik vidaregåande skule og Austrheim vidaregåande skule svara. 418 elevar fekk spørjeskjemaet, så svarprosenten var 51.

Vil få jobb
I undersøkinga har dei unge svara på om dei trur dei vil få jobb i Nordhordland med den fagutdanninga dei satsar på. Heile 58 prosent ser det som sann­synleg at dei vil det. 24 prosent ser det som svært lite er ganske lite sannsynleg at dei vil det. Det er fleire gutar enn jenter som trur dei vil finna passande jobb i distriktet.

Men dei unge meiner dei har behov for betre informasjon om arbeidsmarknaden i Nordhordland enn den dei har fått. Elevar på yrkesfag er meir nøgde enn dei som tek studiespesialisering.

Høgare utdanning
47 prosent trur det er svært sannsynleg at dei kjem til å ta høgare utdanning. Der er prosenten blant jentene litt høgare enn hos gutane.

Ungdommane har også fått spørsmål om kva som er avgjerande for kva utdanning dei vel, og her svarar flest at det er personlege interesser og at dei får brukt evnene sine, som er avgjerande. Dette tel noko meir enn om dei får ein godt betalt jobb.

At dei kan få jobb i Nordhordland, tel derimot ikkje så mykje, og heller ikkje at dei kan bu heime medan dei utdannar seg.

Bustad og born
På spørsmål om kva som gjer Nordhordland attraktivt, viser svara at dei unge legg mest vekt på at dei kan få ein god bustad her. Gode oppveksttilhøve for born og sjansane for ein relevant jobb, tel og mykje. Det same gjeld eit godt servicetilbod og gode mogelegheiter for friluftsliv.

Kollektivtilbod og kultur­til­bod trekkjer derimot i motsett retning.

Når dei unge i kortform skal seia kva som er best med Nordhordland, svarar dei «fin natur«, «nært Bergen, men likevel landleg», «godt miljø» og «god arbeidsmarknad».

Stolte strilar
50 prosent av dei som bur i Nordhordland no, reknar seg som strilar, medan 31 prosent ikkje vil ha den merkelappen på seg.
I undersøkinga har dei unge også vorte spurde om dei er stolte av å koma frå Nordhordland, og om dei kjenner at dei høyrer til her. På ein skala frå ein til seks ligg svara her mellom 4,1 og 4,4.

Det skulle innebera at ungdommane er ganske stolte av heimedistriktet sitt og kjenner tilknyting hit.

Ungdommane har også fått spørsmål om dei ønskjer ein annan kommunestruktur i Nordhordland enn den som er no. Og her viser ungdommane tommelen ned. Heile 51 prosent er mot kommunesamanslåing, medan 15 prosent er for. Gutane er litt meir positive enn jentene.

Resultata frå denne undersøkinga vart presentert på den store næringskonferansen på Mongstad i dag, onsdag.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler