Årets beste handledag
KNARVIK: 22. desember er den dagen i året med flest kundar i Knarvik Senter.
Endret 22.12.11 09:40
– Tysdag denne veka var det 10.000 kundar innom Knarvik Senter, etter eit snitt dei siste vekene på 8-9.000. Flest kundar ventar me no torsdag før jul, seier Åge Torsvik, som er senterleiar for Knarvik Senter.
Senterleiaren har ikkje fått inn omsetnadstala for alle butikkane, men dei tala han har, viser at julehandelen er god.
– Det ser ut for at handelen er på veg opp, etter ein litt treg start. Denne førjulsveka får me ein handledag meir enn i fjor, og det gjer at julehandelen nok kjem opp i same tal som i 2010, eller litt over.
Bra for Jernia
Heilt rett samanlikning vert det ikkje, sidan butikkutvalet ikkje er heilt det same som i 2010. Ein av dei nye er Jernia, som opna på tampen av november.
– Jernia melder om god handel, og av dei andre har mellom anna Safari meldt om god utvikling dei siste vekene, seier Torsvik.
Særleg bra er salet av gåvekort, dette har auka mykje samanlikna med tidlegare år. No har senteret også fått på plass ein automat der ein kan kjøpa gåvekort innanfor heile opningstida til senteret, og ikkje berre når senterkontoret er ope.
– For dei som ikkje veit kva dei skal kjøpa, er gåvekort eit godt alternativ.
Brannalarm
Laurdag fekk senteret ei «brannøving» midt i opningstida, etter at røyk frå ein av butikkane kom ut i fellesarealet, og sette i gang alarmanlegget.
– Røyken var reell nok, og alarmen viser at anlegget fungerer, seier Torsvik.
Utfordringa var å få tilbakestilt alarmanlegget, det kunne gjerast først når all røyken var lufta ut, og ingen røykvarslarar registrerte røyk.
– Dei fleste kundane tok det med godt humør. Oppfordringa vår til publikum er at når det går brannalarm som dette, må alle reagera og gå ut av senteret, seier Åge Torsvik.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]







