Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Asfalt i Gulen, Lindås, Radøy og kanskje Meland

Del | |
Dei som brukar fylkesvegane, kan sjå fram til ny asfalt i løpet av året. Det gjeld blant anna strekninga Takle-Leversund i Gulen (biletet over). Men vert anboda for høge, kan ei strekning i Meland utgå.
Publisert 24.05.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Kommunane som er sikrast på å få ny asfalt, er Gulen, Lindås og Radøy.
Hordaland fylkeskommune vil dobla fornyinga av vegdekke i år. I fjor vart det lagt 43,5 kilometer nytt dekke. I år er planen å leggja over 100 kilometer. Nær seks prosent av fylkesvegane i Hordaland skal få nytt dekke i år.
Men kva som vert lagt, kjem litt an på kva prisar vegvesenet får inn. Eit tydeleg døme på det er det einaste prosjektet på lista i Meland, 3,3 kilometer mellom Meland og Sætre. «Kan utgå», står det kort og godt på vegvesenet si liste over prosjekt.
Litt betre ser det ut for Lindås. Her skal det koma nytt dekke på vel ein kilometer mellom Vågseidet og Sævråsvåg. Aksjonen for å få asfalt mellom Seim og Festo gav litt utteljing i fjor. I år vert ei ny strekning på 1,5 kilometer tatt. På strekninga Høyland-Haug vert det ein del flikking, med 700 meter nytt dekke.
Dei som bur på Sletta kan sjå fram til i alt to kilometer nytt dekke - alt på fylkesvegar.
Gulen kan også sjå fram til nyasfaltering, her av midlar frå Sogn og fjordane fylkeskommune. Største innsatsen kjem på Takle-Leversund, med seks kilometer nytt dekke. På Brekke-Hjartholm vert det litt flikking.
I samband med nyasfaltering vil også stikkrenner, kantar og murar vert reparert. Grøftereinsk vert det også der dette er nødvendig.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler