«Astronomiske» pleiekostnader i Lindås
Som ein av landets rikaste kommunar får Lindås kraftig kritikk frå Kommunal Rapport, blant anna for «astronimisk» høge pleiekostnader.
Endret 17.07.12 09:36
«Det sørgelege er at dei store inntektene ser ut til å føra til mindre effektiv bruk av pengane», skriv Bjørn Brox i eit nyhetsbrev frå Kommunal Rapport, ut frå gjennomgang av årsmeldinga.
– Me bad sjølv Kommunal Rapport å vurdera årsmeldinga vår for 2011, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes i ein kommentar til Strilen.
Tre av seks stjerner
Lindås si årsmelding for 2011 skårar 3 av 6 oppnåelege stjerner frå Kommunal Rapport. Det gjeld både økonomisk kontroll, målstyring og enkelheit. Inntektene artikkelen set ekstra fokus på, er naturleg nok eigedomsskatten frå verk og bruk.
Der har Lindås 140 millionar i året, ikkje mindre enn kring 10.000 kroner per innbyggjar.
Trur dei har styringa
«Det er ingen problem med økonomistyringa i Lindås, trur eg», innleier Brox i si vurdering.
Han viser til at netto driftsresultat vart minus 4 prosent i fjor. Det kom av at kommunen nedbetalte eit premieavvik for pensjonar på 88 millionar kroner. Det vurderer Brox som fornuftig. Utan å ta denne kostnaden, ville Lindås hatt eit resultat på pluss 4 prosent.
Skyhøge pleiekostnader
Det Lindås vert kritisert for, er først og fremst skyhøge pleiekostnader. I fjor var dei 75 millionar høgare enn det folketalet og befolkninga skulle tilseia.
Kommunal Rapport omtalar utgiftene til pleie og omsorg som «astronomiske». I tillegg var kostnaden til skular 20-30 millionar høgare enn det som er normalt for kommunar på Lindås sin storleik.
Full gjennomgang
– Me vart forbausa over at utgiftene til pleie og omsorg er så mykje høgare enn befolkninga skulle tilseia, seier ordførar Astrid Aarhus Byrknes (biletet) i ein kommentar.
Ho meiner at det av og til er sunt å verta vurdert av nokon utanfrå.
Tilbakemeldinga frå Kommunal Rapport vart drøfta både i formannskapet og kommunestyret då ein reviderte budsjettet før ferien.
– Me spurde også administrasjonen om deira tolking av dei høge pleiekostnadene. Rådmannen svarte blant anna at kommunen har mange tunge brukarar, men at dette ikkje er heile forklaringa.
Konklusjonen vart at politikarane bad om ein full gjennomgang av pleie og omsorgstenesta.
Les heile saka i Strilen si papir eller PDF-avis tysdag.
Ayla måtte avlivast
MASFJORDEN: Hunden som politiet i Masfjorden har prøvd å få tak i fordi dei fryktar han har pitbullblod i seg, vart 16. mai avliva av veterinær.
Lathi på Everest for andre gong
Nådde toppen nøyaktig eitt år etter første turen.
Tok årets første bad
MODALEN: Medan isvatnet fossa ned fjellsidene og sjøtemperaturen viste fire grader, tok Adrian årets første bad pinseaftan.
Tog og is uansett ver og vind
Frå venstre Linnea, Daniel og Sara er klare både for tog og mange isar, sjølv om sola ikkje vil titta fram på nasjonaldagen.
Siste kortnytt
- Kjørte i eit tre [18.05.13 18:52]
- I fjellveggen i Eikefettunnelen [18.05.13 18:52]
- 17.mai på Kvalheim [16.05.13 10:52]
- NBK berga poenget [11.05.13 18:38]
- Ny rektor på Årås [11.05.13 18:29]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- – Endeleg ope att! [07.05.13 10:40]
- Feirar Wergeland [07.05.13 10:34]
- Ny aktør på vegvedlikehald [01.05.13 17:10]
- Pengar til Nordhordlandspakken [01.05.13 17:06]
- To bilar i smell ved Mastrevik torg [01.05.13 08:47]
- Brennpunkt frå Fedje om U864 [29.04.13 15:49]
- Knuffing på Lindås [30.04.13 14:11]
- Utan førarkort i Knarvik [30.04.13 14:37]
- Båt stolen på Radøy [29.04.13 14:02]
- Skiklubben står for ekstremløp [26.04.13 15:36]
- Hugs fristen for sjølvmeldinga [26.04.13 13:38]
- Sitkadugnad i Austrheim [26.04.13 13:34]
- Luftsport på nett [22.04.13 11:35]
- Banknedlegginga på Lindås vedtatt [22.04.13 12:30]
Mest lest
- Nordhordlending funnen død på danskebåten [23.04.13 01:30]
- Kontrollutvalet vil gå til politiet, kommunen ut med pressemelding [01.05.13 17:33]
- Trippelsmell i Isdalstø [13.05.13 15:50]
- Diskusjon om million-utbetalingar bak lukka dører i Austrheim [01.05.13 17:32]
- Snøtrøbbel i trafikken [03.05.13 13:49]
- Fire på sjukehus etter kollisjon på Radøy [19.04.13 10:46]
- Kai på plass i rekordfart [08.05.13 19:28]
- Tog og is uansett ver og vind [17.05.13 12:17]
- Sakna seglbåt sett i Nordhordland [04.05.13 10:26]
- Tvil om habiliteten til rådmannen i dobbeltutbetaling [07.05.13 18:16]
- Konkurrerte i mekking [24.04.13 10:28]
- Støyande russefrukost [08.05.13 10:07]
- Brennpunkt om U864-utgreiinga [01.05.13 08:50]
- Sende Hakkebakkeskogen til nye høgder [21.04.13 18:54]
- Hus totalskadd i brann [11.05.13 18:17]
- Fekk eit gudsord med på turen [09.05.13 19:28]
- Kurt Nilsen til Kraftspela [11.05.13 18:26]
- Nysnøkaos på 1. mai [02.05.13 15:36]
- Bondeknølar og byfolk [04.05.13 22:29]
- Mongstad evakuert [07.05.13 14:07]
Mest tipset
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Fekk 97 sider dialektord til jul [10.01.11 13:15]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





