Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 
Augeplager i Sløvåg

Augeplager i Sløvåg

Del | |

GULEN: Folk som jobbar i Sløvåg, har fått plager med auga, viser helseundersøkinga som vart gjort etter eksplosjonen hos Vest tank i 2007.

Publisert 08.11.11 13:15
Endret 08.11.11 13:15

– Me har registrert at ein del av dei som arbeider nær kaien i Sløvåg, har fått dårlegare tårefilm enn det som er normalt. Men me veit ikkje årsaka, seier Bjørg Eli Hollund ved Yrkesmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus til Strilen.

Tårefilm er det som vernar auga mot uttørking. Plagene vert ikkje vurdert som alvorlege, men dei kan vera ubehaglege.

Opplysingane kjem fram i ein artikkel som nyleg vart publisert av Universitetet i Bergen.

Uvisst
Sidan helseundersøkinga vart gjennomført over eitt år etter eksplosjonen hos Vest Tank, og der ikkje vart gjort undersøkingar verken før eksplosjonen eller rett etter, er det vanskeleg å seia om plagene har direkte samanheng med eksplosjonen og utsleppa derifrå, seier Hollund.

– Det kan også koma frå andre ureiningskjelder i Sløvåg, seier ho.
Ein vil no jobba vidare før å prøva å fastslå årsaka.

Nytt folkemøte
Det vart gjennomført ei spørjeundersøking i fjor haust som ei oppfølging av helseundersøkinga i 2008 og 2009, og rapporten frå denne undersøkinga vil verta lagd fram på eit folkemøte på Dalsøyra 29. november.

– Der vil me også orientera om den nye helseundersøkinga som skal setjast i verk neste år, fortel Hollund.

ORIENTERA: 29. november skal Bjørg Eli Hollund og andre som står bak helseundersøkinga etter eksplosjonen i Sløvåg, orientera om kva som har kome fram i spørjeundersøkinga dei gjennomførde  i fjor haust. ORIENTERA: 29. november skal Bjørg Eli Hollund og andre som står bak helseundersøkinga etter eksplosjonen i Sløvåg, orientera om kva som har kome fram i spørjeundersøkinga dei gjennomførde i fjor haust.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler