Auka salet med 25 prosent
Expert-butikken i Knarvik senter har solid auke i julehandelen.
Endret 28.12.11 17:08
Det er 3. juledag – den store bytedagen for julegåver, men folk forhastar seg ikkje med frukosten. Klokka 11.20 var det litt folk, men ikkje kø på Expert i Knarvik senter.
– Det er litt tidleg enno, men det tek seg opp etter lunsj, fortel Ronny Ottesen, dagleg leiar i Expert-butikken.
Han kan gleda seg over 25 prosent auke i julesalet samanlikna med i fjor.
– Me har hatt ein fantastisk vekst frå i fjor. Folk har pengar for tida og det merkar me. Dei handlar gjerne julegåver til seg sjølve òg. Me har selt ein del store LCD-fjernsyn – slike med 42 tommar eller større skjerm. I det rimelegare segmentet har me selt enormt av høgtalaren «Music Angel», seier Ottesen og viser til ein nesten tom produktkasse ved inngangen.
Denne har dei fylt opp mange gonger sidan dei fekk inn produktet.
– I løpet av knappe 14 dagar før julaftan selde me eit parti på 1000 av desse. Det gjekk mykje av dei før dette òg, blant anna fordi høgtalaren fekk toppkarakterar i eit lyd- og bildeblad. Eg har kjøpt fleire av dei som julegåver sjølv, seier Ottesen.
På Nordhordland Libris har folk bytt jamt og trutt sidan bokhandelen opna.
– Det er litt spennande at ingen har bytt boka «Hel ved» av Lars Mytting enno. Det er tydeleg at denne har falel i smak, for den selde me veldig mange av før jul, seier butikkmedarbeidar Cathrine Grasdal.
Fleire har derimot vore inne og byta bøker frå Bergens Tidende-serien «Tidsbilder fra Bergen». Nokre av dei byter i andre bøker frå serien, andre finn noko anna. Krimforfattarar som Jo Nesbø har ikkje folk bytt enno, sjølv om mange fekk hans bøker under treet i år.
– Folk kjem ofte inn i butikken i god tid før jul og spør etter desse bøkene, så dei vert ikkje bytte på same måte som gåvebøkene, fortel Grasdal som ikkje har noko imot å jobba i romjula.
– Det er berre kjekt å vera på jobb når folk er så blide og avslappa, seier ho.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]







