Austrheim-nei til storkommune
Berre Lindås og Radøy er opne for å drøfta vidare å endra kommunestrukturen i regionen. Tysdag sa også Austrheim nei.
Publisert 22.12.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
Eit samrøystes kommunestyre i Austrheim gjekk tysdag inn for å avslutta prosjektet om framtidig kommunestruktur for Nordhordland. I Austrheim la politikarane til at ein bør satsa på forpliktande interkommunalt samarbeid der det er mest teneleg. Eit forslag frå Truls Bauge (Kystpartiet) om å halda fram drøftingane om kommunestruktur med Radøy og Gulen, vart ikkje vedteke.
Ja i Radøy
I Radøy sa eit samrøystes kommunestyre i førre veke ja til å arbeida vidare med å få fram konkrete modellar for omorganisering av tenestetilbod i ein eventuell endra kommunestruktur eller andre samarbeidsformer.
? Eg trur dette vedtaket er rett, og meiner at dei kommunane som har sagt bombastisk nei til vidare arbeid med saka har ei feil haldning. Det er altfor tidleg å kasta korta i denne saka, sa Ragnar Floen (Ap) under debatten i Radøy kommunestyre.
Ut frå tilbakemeldingane frå dei fleste andre kommunar i regionen kan ein sjå vekk frå endringar i kommunestrukturen i denne omgang. Men framleis vil det vera opning for å sjå på vidareutvikling av interkommunalt samarbeid.
Prosjekt til 900.000
Kommunane i Nordhordland har hatt ei økonomisk ramme på utgreiinga og informasjonsopplegget om kommunestrukturen på rundt 900.000 kroner.
Dette har dei fått tilskot til frå staten.
Regionrådsleiar Håkon Matre seier at sjølv om prosjektet no ikkje vert vidareført, har ein fått på bordet ei utgreiing om saka og har hatt ein del nyttige drøftingar. Matre er elles personleg for ei kommunesamanslåing i Nordhordland, som då hadde vorte den nest største kommunen i Hordaland.
? Gjennom ein stor kommune hadde det vore lettare å manøvrera regionen gjennom truslar og kunna utnytta dei moglegheitene som finst betre. Ein slik kommune hadde også fått større politisk tyngde til å fremja interessene til regionen, seier Matre.
? Må det eit stortingsvedtak til for at det skal skje?
? Dersom det skal skje dei første ti åra, må det nok det, seier Matre.
Positive innbyggjarar
Matre er elles overraska at utgreiinga viste at innbyggjarane i regionen var langt meir opne for ei kommunesamanslåing enn det politikarar flest trudde. Han meiner likevel at ei årsak til at prosjektet stoppa litt opp, er at det ikkje vart gjort nokon endringar i kommunelova knytt til dette med samkommune. Ei løysing for Nordhordland kunne vera å laga ei politisk overbygning over dei tenestene kommunane i regionen samarbeider om, til dømes innan renovasjon, brannførebygging og tekniske tenester. Styring av til dømes barnehagar og skular skulle etter denne modellen framleis liggja under det enkelte kommunestyret. Men dette vert det ikkje noko av no.

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]