Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Austrheim planlegg idrettsanlegg til 20 millionar

Del | |
AUSTRHEIM: Idrettslaget i Austrheim arbeidar med planar om eit idrettsanlegg til ein pris i overkant av 20 millionar. Kommunen har sett av 3,5 millionar til anlegget i 2009.
Publisert 09.06.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
? Me meiner det vil vera behov for å oppgradera idrettsanlegget i kommunen. Hallen er mykje brukt og det er eit «must» å ha eit godt tilbod til idrettsungdommen i lokalsamfunnet, seier driftssjef i Austrheim kommune, Olav Mongstad.

Sandvolley
Austrheim idrettslag har teke initiativ til idrettsanlegget, og har i fleire år vore i kontakt med kommunen for å få sett planane ut i livet.
Dei ønskjer å byggja eit idrettsanlegg i området ved Austrheim-hallen og Årås skule, og no har kommunen stilt planleggingsressursar til rådigheit.
? Det er alt i 2006 sett opp ein sum på 100 000 til planarbeidet med det nye idrettsanlegget, seier han.
 ? Det er flott at dei har med eit idrettsanlegg i økonomiplanen no, seier Helge Dyrkolbotn.
Han er leiar i prosjektgruppa som er sett ned for å arbeida fram skisser og planer om idrettsanlegget.
? Området rundt Årås skule og hallen har lenge vore planlagd til idrettsanlegg. Me har arbeida fram eit forprosjekt som tek planane for seg meir konkret, seier Dyrkolbotn.
Ønskjet er å få til ei fotballbane i kunstgras med løpebane rundt, tribune og høve til å driva med kast og hopp.
Det er og teikna inn areal som kan nyttast til mellom anna ei sandvolleyballbane og joggeløype.  
? Totalt ser me for oss at prisen kan liggja i overkant av 20 millionar. Då reknar me med tippemidlar og mykje dugnadsarbeid, seier Dyrkolbotn. Kommunen ser for seg at dei har romslegare økonomi i 2009, og økonomiplanen viser at 3,5 millionar er tenkt til idrettsanlegget.

Behov
? Fylkesmannen set ei lånegrense for kommunar som har hatt underskot i kommunerekneskapet. Kommunen får då låna like mykje som den betalar tilbake i avdrag kvart år. Austrheim skal vera ferdig med sine avdrag i 2008, og ser difor fram til ein sunnare økonomi i 2009, ettersom lånegrensa forsvinn, seier Mongstad.
Idrettslaget frå stadig innspel frå lokalsamfunnet om ulike behov. Det er mange som vil ha god nytte av eit slikt anlegg.
? Me ser heilt klart eit behov for ny fotballbane. At alt vert plassert ved hallen er og positivt. Det hadde vore veldig kjekt å få til dette anlegget, seier Dyrkolbotn.  No vert det arbeidd med å laga meir konkrete planar og prospekt som kan presenterast for kommune og skular.
? Anlegget er lagt inn i planen fordi kommunen ser at ein har høve til å arbeida med det slik som planen er no, seier Mongstad.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler