Avmagra hund inn i varmen
Endret 20.08.07 10:49
? Han er så snill, og har utruleg fine auge, seier Tarja Puntila.
Ho og mannen fann hunden tidleg måndag morgon, og har tatt seg av den sidan.
Rota i bosset
? Mannen min gløymde nistepakka, så eg sprang ut etter han med den. Då høyrde me at det rasla og bråka slik i bosspanna våre, og gjekk for å sjå kva det var. Me trudde først det var ein rev, seier ho.
Hunden var snill, tillitsfull og kjærleg frå første augneblink, og kom luskande bort til Puntila med ein gong.
? Han var så tynn. Det første inntrykket mitt var at han skulle falla saman. Når ein klappar han, kjenner ein alle knokar og bein. Dersom han har vore mishandla, er det heilt forferdeleg, seier ho.
På rømmen?
Puntila tok hunden med til dyrlege Dagfinn Berg for å finna ut kva som var gale med han.
? Då hunden kom hit, var den prega av eit liv på rømmen. Han var avmagra og hadde mage og tarmtrøbbel. Han hadde også feber, men heldigvis matlyst, seier dyrlege Dagfinn Berg.
Han meiner hunden er ei blanding mellom collie og setter, er mellom to og tre år gamal og usedvanleg snill og lydig. Hunden har også eit gamalt kutt over snuten.
? Dette er ei bikkje ein hugsar, og eg har ikkje hatt han her hjå meg før, seier Berg.
Vil behalde den
Dersom hunden har vore på rømmen, har han vore det lenge, meiner dyrlegen. No vert hunden hjå familien Puntila til ein eigar eventuelt melder seg.
? Hunden tiggar om kjærleik. Me har fem born, og hunden får kos heile tida. I tillegg har me erfaring med hundar frå tidlegare, seier ho.
Namn har dei ikkje gjeve hunden endå, i tilfelle den allereie har eit. Men borna i familien vil gjerne kalla han opp etter favorittmaten, Frolik.
? Me er veldig kresne når det gjeld hundar, men denne har me verkeleg falt for. Eg har svært lyst å behalda han, seier ho.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]







