Både oljevern og ubåtutgreiing til Fedje
Endret 20.08.07 10:49
? Det er hyggjeleg at dei følgjer opp det som tidlegare har vore avtala, seier Fedje-rådmann Vidar Bråthen. 29 millionar kroner til oljeverndepotet er i tråd med den summen som har vore antyda tidlegare. Bråthen meiner at 15 millionar kroner til utgreiing av heving av ubåtvraket også viser at dette vert ei grundig utgreiing.
? Har du tillit til at Kystverket vil sjå grundig på hevingsalternativet?
? Dei politiske føringane er klare, og eg kjenner meg trygg på at dette verkeleg vert følgd opp, seier Bråthen.
? Styrking av oljevernet
I praksis betyr dette ei betydeleg styrking av oljevernmateriellet på Fedje og etablering av ein øva mannskapsstyrke som kan betjena og mobilisera utstyret, heiter det i ei melding frå Fiskeri- og kystdepartementet. Dei nyttar og høvet til å minna om at det var Bondevik si andre regjering som vedtok å leggja ned hovuddepotet på Fedje.
- Det er ein betydeleg skipstrafikk i Nordhordland, både i form av tankskipstrafikk til Mongstad og Sture og i form av lokaltrafikk og ordinær kysttrafikk. Fedje ligg sentralt plassert i høve denne trafikken. Regjeringa vurderer det difor som viktig å styrkja oljevernberedskapen i området. Hovuddepotet for oljevernutstyr på Fedje skal vera på plass i løpet av 2007, heiter det i meldinga som ligg ute på departementet sin nettstad.
Utgreiing om heving
Regjeringa føreslår og ei løyving på ytterlegare 15 millionar kroner til utgreiing av metodar for å heva ubåtvraket ved Fedje. Dette kjem i tillegg til rundt 5 mill. kroner frå tidlegare løyving, slik at samla ramme for utgreiinga er 20 millionar kroner, går det fram av ei anna melding frå departementet.
- Arbeidet med å utgreia hevingsalternativet har høg prioritet. Det er viktig for meg å få alle forslag til hevingsmetodar på bordet. Dei framlegga til hevingsmetodar som har kome opp i ettertid skal få same grundige vurdering som det dei alt utgreidde alternativa har fått, uttalar fiskeri- og kystminister Helga Pedersen ifølgje meldinga.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]







