Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Bamse heime etter tre månader

Del | |
LINDÅS: Det var stor glede hjå Janne Vinnes og familien då katten «Bamse» kom tilrette sist onsdag kveld etter å ha vore vekke i tre månader.  
Publisert 29.11.05 00:00
Endret 20.08.07 10:49

Mattilsynet var på ein stad i Nordhordland i førre veke i samband med mogleg omsorgssvikt for husdyr. Dei vurderte då å avliva tre kattar. Men nokon fann ut at «Bamse» likna på ein katt som hadde vorte etterlyst. Strilen fekk tips om dette, og han som tipsa tok vare på katten. Strilen fann så ut at Janne Vinnes hadde etterlyst ein katt i august. Det viste seg så at katten som vart funnen var hennar.

 

Klarte ikkje venta

Janne Vinnes reiste same kveld som ho fekk tipset til dei som hadde teke vare på katten.

? Eg klarte ikkje å venta, og måtte berre finna ut om det var katten vår. Eg såg med ein gong at det var han, og tør også å påstå at han kjende oss igjen, seier Vinnes.

Dei har ein katt til på to år, og også han kjende igjen den bortkomne katten, meiner Vinnes. Forholdet kattane imellom var som før.

Det var stor glede i heimen då «Bamse» kom tilbake, ikkje minst hjå borna Andreas (11) og Helene (12).

? «Bamse» er ein heilt spesiell katt ? fin i pelsen, roleg og tillitsfull. Borna i nabolaget kom ofte og ville leika med han, seier Vinnes.

 

Leitte i fem timar

«Bamse» vart fødd 6. mai i år hjå søstera til Janne Vinnes. Han var altså tre og ein halv månad gammal då han forsvann. Vinnes fekk eit tips ein gong tidlegare om at katten hadde vorte plukka opp av framande i Knarvik. Sonen Andreas sa då at dei måtte ut og leita. Dei køyrde rundt i distriktet i fem timar for å leita etter katten, men måtte etter kvart gje opp. Vinnes seier det er utruleg at folk berre kan ta med seg ein katt, men vil ikkje forfølgja saka.

No skal «Bamse» øyremerkast og kastrerast, slik at han ikkje forsvinn igjen. Han er no snart sju månader gammal og har byrja å kikka på «damene».

 


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler