"Bamse" kom heim etter tre månader
Endret 20.08.07 10:49
Mattilsynet var på ein stad i Nordhordland i førre veke i samband med mogleg omsorgssvikt for husdyr. Dei vurderte då å avliva tre kattar. Men nokon fann ut at «Bamse» likna på ein katt som hadde vorte etterlyst. Strilen fekk tips om dette, og han som tipsa tok vare på katten. Strilen fann så ut at Janne Vinnes hadde etterlyst ein katt i august. Det viste seg så at katten som vart funnen var hennar.
Klarte ikkje venta
Janne Vinnes reiste same kveld som ho fekk tipset til dei som hadde teke vare på katten.
? Eg klarte ikkje å venta, og måtte berre finna ut om det var katten vår. Eg såg med ein gong at det var han, og tør også å påstå at han kjende oss igjen, seier Vinnes.
Dei har ein katt til på to år, og også han kjende igjen den bortkomne katten, meiner Vinnes. Forholdet kattane imellom var som før.
Det var stor glede i heimen då «Bamse» kom tilbake, ikkje minst hjå borna Andreas (11) og Helene (12).
? «Bamse» er ein heilt spesiell katt ? fin i pelsen, roleg og tillitsfull. Borna i nabolaget kom ofte og ville leika med han, seier Vinnes.
Leitte i fem timar
«Bamse» vart fødd 6. mai i år hjå søstera til Janne Vinnes. Han var altså tre og ein halv månader gammal då han forsvann. Vinnes fekk eit tips ein gong tidlegare om at katten hadde vorte plukka opp av framande i Knarvik. Sonen Andreas sa då at dei måtte ut og leita. Dei køyrde rundt i distriktet i fem timar for å leita etter katten, men måtte etter kvart gje opp. Vinnes seier det er utruleg at folk berre kan ta med seg ein katt, men vil ikkje forfølgja saka. No skal «Bamse» øyremerkast og kastrerast, slik at han ikkje forsvinn igjen. Han er no snart sju månader gammal og har byrja å kikka på «damene».
? Glad katten kom til rette
? Me vart kontakte i ei sak der ein eigar av tre kattar ikkje lenger kunne ta hand om dei. Vedkomande sa at me kunne ta hand om kattane, sjølv om det innebar at me måtte vurdera avliving. Då me skulle henta kattane var det nokon som sa at den eine katten kunne vera ein som var etterlyst i Knarvik, seier veterinær Arve Viken ved Mattilsynet sitt distriktskontor i Nordhordland.
Han er glad for at katten no har kome tilbake til sine eigarar.
? Altfor mange saker
Viken seier at dei dessverre har ein del saker der dei må ta affære i samband med kattehald. Han rår alle som har katt til å sterilisera eller kastrera dei. P-pillar har han mindre tru på, då det både er meir usikkert og kreftframkallande.
? Kattar som får p-pillar har fem gongar større sjanse til å få brystkreft enn andre kattar. Dessutan er det lett å gløyma pillen, eller at katten kastar opp etter at han har fått pillen, seier Viken.
Katten bør steriliserast eller få p-pille om lag seks månader gamle dersom det er på våren, men kattar som er seks månader no på vinteren kan gjerne venta til over jul.
For mange kattungar
Veterinæren meiner elles at det generelt vert fødd altfor mange kattungar. Ein bør ikkje la kattane få ungar berre for at borna i familien synest det er så kjekt. Det vert feil at ein katt kanskje skal få fem kattungar, og at ein så kanskje må avliva tre av dei, berre fordi det er ei oppleving for borna, meiner han.
? Eg skulle ønskja at folk kunne bestemma seg for kor mange kattar dei kan tenkja seg å ha. Dersom dei berre vil ha ein, bør katten steriliserast, meiner han.
P-pillar kostar 150 kroner i året. Ei sterilisering kjem kanskje på mellom 800 og 900 kroner, seier Viken. Sterilisering vil altså vera billegare på sikt, i tillegg til langt sikrare.
Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]







