Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Bamseklem for Sudan

Del | |
LINDÅS: Bamse-klemmar var å få kjøpt overalt på Lindås barneskule tysdag. Bianca Ness kjøpte klem av dottera Julianne Elise Ness for fem kroner. Pengane for bamseklemmane går til fredslandsbyen i Sudan.
Publisert 05.04.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Tysdag var heile Lindås barneskule snudd på hovudet og fylt med aktivitetar med mål om å samla inn pengar til ein fredslandsby i Sudan, eit prosjekt i regi av Strømmestiftelsen. Elevane fekk inn 28.685 kroner på Sudan-kvelden.

Fleire konsertar
Kreativiteten hadde inga grense og loppemarknad, kunstutstilling, foredrag og auksjon var berre noko av det elevane hadde laga til. For høvet var skulekjøkkenet omgjort til konsertarena og sirkus med klovnestrekar og eigenlaga dans. I eit rom like ved kunne ein nyta flotte tonar frå unge stjerner som song karaoke. Lars-Andrè Nesse (13) og Christian Krossøy (12) imponerte med si tolking av A-ha sin store hit «Take on me».
? Eg har ikkje planar om å verta noko songstjerne. Eg skal verta fotballproff, seier Lars-Andrè.
Førstepremien i karaokekonkurransen var ein stor sjokolade og diplom.
? Eg trur ikkje eg vinn. Eller kanskje, seier Christian.
Om dei vann eller ikkje, så var dei uansett med på å gje fem kroner kvar til fredslandsbyen i Sudan. I eit klasserom hadde tre jenter laga sin eigen miniskule.
? I Sudan har det vore krig i 20 år! Me kan hjelpa med å gje pengar til fredslandsbyen, seier Julie Hodneland Sæle.

Fattige
Saman med Heidi Dyrøy og Ina Mongstad Storsæter hadde ho laga til Sudansk skule på elevkvelden.
? Me har lært om Sudan på skulen, seier Heidi.
For tre kroner til inntekt for fredslandsbyen lærer jentene villig vekk språk og fortel om tilhøva i Sudan.
? Dei er fattige og treng pengar, seier Julie.
? Det er trist og forferdelig, men me kan hjelpa, avsluttar Ina.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler