Begeistra som lama i fårikål
KNARVIK: – Å få japanarane til å bruka laks i sushi, var som å føreslå lama i fårikålen. Men me klarte det.
Endret 27.01.12 16:02
Slike metaforar kom som perler på ei snor då Arne Hjeltnes sette norsk matvareproduksjon i perspektiv på Nordhordland Rotaryklubb sitt stormøte i Knarren denne veka.
Det same gjorde latterkulene til dei hundre som hadde møtt fram for å høra forfattaren og TV-kjendisen sitt føredrag med tittelen «Noreg i den store verda – norsk matvareproduksjon».
Men om Hjeltnes leikar og tullar med det meste, leikar han aldri med maten.
Må skilja oss ut
Hjeltnes understreka at oppskrifta på suksess er å våga å skilja seg ut.
Men også å tru på at det ein har er bra, ikkje ulikt det han sjølv gjorde då han i 1994 presenterte «Gutta på tur-konseptet» for TV2.
– Då kan me få til det utrulegaste, sa han, og la ikkje skjul på at det er denne serien som har gitt han den statusen han har i dag.
Men tilbak til laksen og trua.
Skal ein gjera suksess, er det også ein fordel å tilpassa seg og kjenna målgruppa, sa han.
Elles kan det fort gå som med den unge vossingen som emigrerte til Amerika for å jobba som smed. Han kom slukøyra tilbake og sa at dei alt hadde smed i Amerika.
– Eller som Jan P. Syse ein gong sa; Det hjelper ikkje å vera på riktig hylle når du er i feil skap, flirte Hjeltnes.
Tru på oss sjølv
Men tilbake til laksen.
Hjeltnes fortalte at den suksesshistoria starta for 25 år sidan då fiskerinæringa i Noreg fekk nyss i at ein i Austen åt fisken rå.
Kanskje dei ville prøvesmaka norsk laks, tenkte dei og sende ein delegasjon på tjue mann, med dåverande fiskeriminister Thor Listau i spissen, austover.
Tradisjonsbundne som dei er, sat det først langt inne.
Men då dei fekk den riktige sushi-kokken til å testa ut laksen på ein spesielt tilpassa ris, og dette vart presentert på den riktige sushi-restauranten, var me inne.
Riktig produkt og riktig timing.
I dag er Japan verda største lakseetande nasjon, og norske fiskeoppdrettarar eksporterer om lag ein million tonn oppdrettslaks til 150 land.
Tru på råvarene
Men Hjeltnes understreka at ein på ingen måte treng å reisa til Japan får å gjera suksess.
I Lom bur det ein bakar som har klart å få ord på seg for å ha eit av verdas beste bakeri.
På Skjervøy har dei overtydd kundane om at laksen deira smakar betre enn andre sin fordi han får nordlys om vinteren og midnattssol om sommaren.
– Folk i heile verda er meir opptekne av opphavet til råvarene enn nokon gong.
Det skal redda landbruket vårt, for nordiske og norske råvarer har også betre ord på seg enn nokon gong, sa han.
Men skal me få folk til å velja oss framfor andre, må me fortelja dei om opphavet.
– Fortel me at sauene i Vossafår har ete og drite på Voss, så veit folk kva dei får, la han til.
Slutt å kjøp dritmat
Heilt nøytralt og objektiv viste han til Noreg som verdas vakraste land, og peika på at det må me som 82 prosent av National Geographic sine lesarar, tru på.
Der har Noreg og dei norske fjordane toppa lista over dei mest populære reisemåla i fleire år.
Som nummer to kjem staten Vermont i USA og som nummer tre Toscana.
Men det er ikkje alltid nok å vera populært og vakker, visst det same landet sitt byråkrati og regelverk bremser innovasjonen, la han til.
– I Ulvik sel dei for eksempel Smirnoff Ice på samvirkelaget, medan sideren til eplebøndene må kjøpast på polet på Voss, flirte han.
Han uttrykte også sin vreide over menyane på kroer, kioskar og gatekjøken.
Og sist men ikkje minst, over det å snart ikkje kunna kjøpa seg EIN skikkeleg bolle, men gjerne ti kveitebollar til same prisen.
– Visst me sluttar å kjøpa dritmat, går det bra.
Kva publikum sa om stormøtet, kan du lesa i laurdagsavisa.
GAV SMAKEBITAR: – Ka ska e gjera då? spurde Sjur Hjeltnes i eitt av innslaga han med stor suksess testa på Knarvik-publikumet før han slepp seg laust med sitt første soloshow i byn i februar.
Eit steg vidare for «Gullvegen»
Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.
Blant Hareides topp tre
Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.
Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør
LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.
Kjørte på land i fylla
LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.
Siste kortnytt
- Fire beltegebyr på Fedje [22.02.12 15:38]
- Fekk dårleg samvit [22.02.12 15:38]
- Fyrverkeri på bensinstasjonen [21.02.12 10:22]
- Åtti i femtisona [21.02.12 10:21]
- Utforkjøring på Lauvås [18.02.12 21:51]
- Brosvik ny leiar i Gulen KrF [15.02.12 16:12]
- Elevdyst i sveisefaget [15.02.12 16:18]
- Overtek ny veg i Litlebergen [15.02.12 16:08]
- Stadvis svært glatte vegar [15.02.12 09:40]
- Opprykk for Masfjorden [13.02.12 18:28]
- Krimdominans på utlånsliste [13.02.12 18:22]
- Hjellebollar i Knarvik [13.02.12 18:19]
- Maurstad også til Fedje [08.02.12 18:34]
- Kulturskulen i Lindås på nett [08.02.12 18:24]
- Ny runde for Sæbørevyen [08.02.12 18:23]
- Traktor i grøfta [06.02.12 12:55]
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
Mest lest
- Dødsulukke i Hjelmåstunnelen [08.02.12 15:19]
- Politi på fisketur [09.02.12 18:43]
- Trafikksmell på Lindås [15.02.12 14:09]
- Skal det vera ein ubåt? [06.02.12 13:08]
- Må fjerna fire tiltak eller få bot [09.02.12 09:58]
- Hadde narkofabrikk heime [06.02.12 13:10]
- Evas private spa [18.02.12 17:34]
- Ellevill NM-jubel [14.02.12 09:17]
- Men gjerdet var lovleg likevel! [15.02.12 16:06]
- Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja [09.02.12 18:54]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Protesterer mot «tvilsam» ankring [02.02.12 10:32]
- Kjørte på land i fylla [19.02.12 00:21]
- «I Nigeria då bilen vart stolen» [17.02.12 17:17]
- Tre mistenke for fyllekjøring [30.01.12 10:29]
- Fekk krympa Lindåshallen [31.01.12 12:02]
- Brassfest i Bergen [11.02.12 13:34]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





