Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Ber om meir hjelp til å rydda olje

Del | |
AUSTRHEIM: Ein må meir enn dobla mannskapet som arbeider med opprydding etter «Server»-forliset i Austrheim. Ein finn stadig fleire småvikar som er forureina av olje. Arild Bjørnevoll i Austrheim kommune bed frivillige om å melda seg til ryddearbeidet i kommunen. Det vert oppdaga stadig fleire tilgrisa vikar og øyar, og det er no trong for å dobla ryddestaben.
Publisert 08.02.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49

? Eg trur ikkje det har kome noko særleg meir olje inn den siste tida, men med nær 500 øyar i kommunen, tek det tid å få full oversikt, seier Bjørnevoll.
? Eg trur ikkje det kjem inn så mykje meir olje no, men med nær 500 øyar i kommunen tek det tid å få oversikt over alle stader som er forureina, fortel Arild Bjørnevoll i Austrheim kommune.
Sidan Server-forliset har det stort sett vore mellom 10 og 15 mann i arbeid med oppryddinga i Austrheim. No er det trong for å auka ryddestaben til i alle fall 30 personar.

Stadig fleire funn
Eitt av dei siste større funna av olje er ved Nordre Storvardvika. Kystverket vurderte det til at berre her er det ryddejobb for 10 personar i to til tre veker. Også ved Kårøya, utanfor kurs- og fritidssenteret i Rongevær, er det trong for ein del mannskap. I tillegg kjem alle dei andre stadene med større eller mindre forureiningar, fortel Bjørnevoll.
I førre veke var det registrert færre enn 20 oljetilgrisa stader, medan ein no har kome opp i 25 posisjonar.
Det er også oppdaga oljeforureining i Åråsvågen. Strilen har og fått melding om observasjonar av daud sjøfugl.
? Det kjem mellom anna flytande inn ein del tangrestar som er tilgrisa av olje, seier Bjørnevoll.
Kommunen samarbeider med Kystverket og Interkommunalt Utval mot Akutt forureining (IUA) om ryddearbeidet. Alle frivillige som stiller opp vert utstyrte med personleg verneutstyr og klede etter behov


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler