Bergensarar i kø på visning
Stadig fleire bergensarar kjem på visning til bustader i Nordhordland. Prisane aukar også, og mange bustader vert selde på kort tid. Rekkjehuset over vart denne veka seld på tre dagar, opplyser meklar Randi Mikkelsen i Maxx Eiendom.
Publisert 05.10.06 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Endret 20.08.07 10:49
? Eit stort fleirtal av dei som kjem på visning på bustader i søre Lindås og Meland, kjem frå Bergen,stadfestar også eigedomsmeklar Magne Storheim.
Storheim seier dette er ei markant endring frå i fjor. Han meiner og at interessa frå folk i Bergen for å kjøpa bustad i Nordhordland, er større enn nokon gong tidlegare.
? Det er heilt vanleg at sju av ti på visning kjem frå sørsida av Nordhordlandsbrua, når me skal selja eit hus til dømes på Frekhaug.
Sør i regionen
Interessa frå bergensarane gjeld særleg bustader i Frekhaug-området, Knarvik og Alversund-området. Kjem ein lenger nord og aust, viser byfolka mindre interesse, og ein større del av dei på visning er lokale huskjøparar, fortel Storheim.
Det er og tydeleg at det særleg er folk frå Åsane og Sandviken-området som ser etter hus i Nordhordland, meiner eigedomsmeklaren. Folk frå andre deler av Bergen siktar seg truleg inn mot bustader i andre nabokommunar. Ei årsak til den auka interessa frå bergensarar til nabokommunane, er truleg at bustadmarknaden er endå meir oppheita i Bergen.
Men det er ikkje berre einebustader, fleirmannsbustader og leilegheiter bergensarane er ute etter. For eit par dagar sidan selde Storheim ein gard i Austrheim til ein person frå Fana.
Fire millionar
Større etterspørsel betyr vanlegvis høgare pris. Slik er det også i dette tilfellet. Prisen på einebustader i Noreg auka med 15,6 prosent frå september i fjor til september i år, viser statistikken frå eigedomsmeklarbransjen. Men prisen i pressområda har auka meir enn gjennomsnittet.
? Interessa i marknaden er større enn nokon sinne, meiner Storheim, som har arbeidd i bransjen i 18 år.
Det er god plassering og kvalitet på bustaden som sel, seier han. Ut frå marknaden ser det ut som at god plassering er i søre del av regionen, gjerne med god utsikt og nær sjøen.
? Eg hugsar det var stor ståhei første gongen me selde ein einebustad for over ein million kroner. No set me stadig nye prisrekordar, og nyleg selde me ein einebustad bygt midt på 70-talet for rundt 3,9 millionar kroner, seier Storheim.
Brueffekten
For eit år sidan meinte lokale meklarar at mesteparten av effekten av gratis bru var teken ut på førehand, når det gjeld prisauke på bustader i regionen.
? Det har no vist seg at prisane har auka meir enn eg trudde då, seier Storheim.
Andre årsaker til at bergensarar søkjer seg mot Nordhordland, meiner han er at mange ønskjer å få del i det oppvekstmiljøet og kvalitetane regionen kan tilby.
Også Magne Andre Nilsen i Notar har same inntrykket som Storheim når det gjeld auken i bustadprisane; større press i søre del av regionen og at det er fleire bergensarar på visning. Når det gjeld einebustader fortel Nilsen at dei har seld ein del einebustader i prisklassen mellom 2,5 og 3 millionar kroner. Prisrekorden deira på einebustader så langt er ein bustad på Holme som gjekk for 3,1 millionar kroner i førre veke.
Prisane opp
Tal frå Eiendomsmegler Vest, viser at snittprisane på einebustader dei har seld i Nordhordland har auka frå ein snittpris på vel 1.5 millionar kroner i 2005 til nær 1,76 millionar kroner så langt i år. Dette gjeld bustader over heile regionen, og prisane varierer sterkt etter kvar bustadene ligg og sjølvsagt etter kvaliteten. Men tala er ein klar indikasjon på at det er vesenteleg auke i prisane på einebustader i regionen frå i fjor til i år.
Snittpris einebustader 2005: 1.535.984, kr 11.931 per m2
Snittpris einebustader 2006: 1.761.389, kr 13.331 per m2

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene
Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.
Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet
MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.
Siste kortnytt
- Gummibåt i feil naust [18.05.12 11:03]
- Trafikkuhell ved Matre [18.05.12 11:02]
- Med promille i Salhusfjorden [18.05.12 10:40]
- Kjedekollisjon på Hagelsundbrua [18.05.12 10:41]
- Pågreip rusa bråkmarkar [16.05.12 09:14]
- Vil ha vekk etterlaten bil [16.05.12 09:13]
- Siste sjanse i Stordalen [16.05.12 08:20]
- Mista førarkortet III [12.05.12 14:24]
- Mista førarkortet II [12.05.12 14:19]
- Mista førarkortet I [12.05.12 14:26]
- Hyttebrann på Eikanger [11.05.12 17:00]
- Sp godtek ikkje tildekking av U864 [11.05.12 13:50]
- Kjørte i 146 i 80-sona [07.05.12 10:57]
- Biltjuven angra og melde seg [05.05.12 16:42]
- Braut seg inn på Essoen [04.05.12 14:46]
- Hadde 94 i 60-sona [04.05.12 14:46]
- Mista lappen av trippelsmellen [04.05.12 14:44]
- Mistenkjer promillekjøring [03.05.12 15:02]
- Bråk på busstopp og legevakt [03.05.12 15:00]
- Brannvernet sløkkte, mann tente på [03.05.12 14:59]
Mest lest
- Ommøblerte på riksvegen [13.05.12 11:17]
- Ran på YX-en på Manger [23.04.12 22:14]
- Bilførar skadd etter utforkjøring på Holme [23.04.12 10:42]
- Må flytta frå Fedje [10.05.12 09:58]
- Ny vår i Fagerbakken [30.04.12 09:53]
- Hipp hipp hipp hurra! [17.05.12 12:17]
- Hamstra brød i Knarvik [15.05.12 13:50]
- «Halve» bygda stiller som nattevandrarar [16.05.12 16:04]
- Trippelsmell ved Hundvin handel [02.05.12 16:29]
- Lindås-Bør bør opplevast [18.05.12 12:48]
- – Kvikksølvet kjem opp! [13.05.12 21:53]
- Bøndene aksjonerer [14.05.12 09:58]
- Bygg som nesten er for lite [20.04.12 21:48]
- – Lurte på om eg høyrde rett [26.04.12 10:17]
- No vert det kyrkje i Knarvik! [26.04.12 16:31]
- Vil du vera reiseleiar i sommar? [14.05.12 16:37]
- Sikrar seg jobb for framtida [30.04.12 13:50]
- Historisk kross knakk i to [29.04.12 09:56]
- Gav alt på Tinestafetten [10.05.12 16:11]
- Fyrte i gang Eikåstunnelen [10.05.12 13:19]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]