Berre kulturskulen kan redda kyrkjekjellaren
KNARVIK: Formannskapet vil byggja kyrkja utan ferdig kjellar, med mindre kulturskulen kan komma inn som leigetakar.
Endret 27.01.12 18:13
– Eining for kultur synest at dette er ein idé som ein må sjå vidare på, og eg har også fått positive tilbakemeldingar frå kyrkjeleg fellesråd, sa varaordførar May Eva Sandvik under formannskapsmøtet torsdag.
Ideen er altså å flytta dei kontorlokala og øvingsromma som kulturskulen i dag har i Knarvik Senter, opp i kjellaren i den nye kyrkja.
Sandvik sin idé fekk støtte av fleirtalet i formannskapet, som deretter gjekk inn for å halda på den allereie løyvde summen til kyrkjebygget, 74 millionar kroner.
74 millionar er ikkje nok til å gjera ferdig kjellaren i same omgang som resten av bygget, kjellaren er avhengig av ei løysing der kulturskulen kjem inn som leigetakar.
Saka skal no vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd. Kommunestyret har møte 9. februar, berre nokre dagar før fristen går ut for å akseptera dei innkomne tilboda på kyrkjebygget.
– Gå i dialog
Fleirtalet på sju røysta for eit tilleggspunkt med denne teksten: «Ein ber kyrkjeleg fellesråd og Lindås kommune gå i dialog om å sjå på løysing i høve til fleksibel bruk av underetasjen i kyrkja, som til dømes lokale til kulturskulen, innanfor skissert kostnadsramme på 6 millionar kroner. Ein ber om at kommunestyret får framlagt eiga sak på dette snarast».
Dette fekk støtte frå KrF (Astrid Aarhus Byrknes, Kåre Gaulen og Arne Rudolf Ramslien), Sp (Ingeborg Askeland), Venstre (Åshild Halland) og Høgre (May Eva Sandvik og Leif Hosøy Sleire)
Framstegspartiet sine to representantar (Nina Stabell Øvreås og Bjarte Vatnøy) røysta for ei full utbygging etter kyrkja sine eigne planar, noko som ville medført ei ekstraløyving på fjorten millionar kroner.
Arbeidarpartiet sine to representantar (Nina Bognøy og Ståle Hauge) røysta for å utsetja kyrkjebygget til siste delen av den inneverande økonomiplanperioden, 2012-2015.
Tilstades i formannskapet torsdag var også Ivar Eide og Helge Tangen frå Plan- og prosjektgruppa for ny kyrkje i Knarvik, som saman med konsulent Rune Breistein frå Rambøll orienterte og svara på spørsmål.
– Trist å få rett
– Det er grådig trist å få rett i denne saka, sa Bjarte Vatnøy (Frp), og viste til at han tidlegare hadde vore uroleg for at budsjettet for kyrkja skulle ryka.
Vatnøy gjekk likevel inn for det dyraste alternativet, og viste til at han no er det redd det vert bygd ei anna kyrkje enn det som har vore tanken.
– Målet som H, KrF og Frp hadde i 2007 var å bygga ei sju dagar i veka-kyrkje i regionsenteret, ei kyrkje som skulle være eit fyrtårn i kommunen og regionen. Frp fryktar no at politikarane ikkje har oversikt over dei nedskjeringar som er gjort, og korleis sluttresultatet kjem til å bli.
Vatnøy viste i formannskapsmøtet til at ei deling med kulturskulen i kjellaren og kyrkjebruk oppe kan gje konfliktar, til dømes ved gravferder.
– Kven skal då bestemma at kulturskuleelevane må ha fri denne dagen? spurde Bjarte Vatnøy.
Ulike religionar
Rådmann Øistein Søvik peika på at kulturskulen skal vera religiøst uavhengig.
– Der må me vera veldig forsiktig, sa Søvik.
Også Ståle Hauge (Ap) viste til at kombinasjonen kulturskule og kyrkje kan vera problematisk, mellom anna for dei med andre religionar enn kristendommen.
– På arbeidsreiser har eg stundom vore innom dei ulike sjømannskyrkjene. Men ikkje tale om at eg får med meg ein muslim inn der, om det er aldri så mykje berre for ei vaffel i kafeen, sa Hauge.
Arne Rudolf Ramslien (KrF) meinte at det måtte vera måte på kva omsyn ein skal måtta ta i slike saker.
– Slike ting må kunna møtast på ein konstruktiv måte, sa Ramslien.
Kva med kulturhus?
– Kulturskule i kyrkjekjellaren, betyr det at ein ikkje kjem i gang med noko kulturhus i Knarvik, spurde Bjarte Vatnøy (Frp), som også stilte spørsmål ved kor lange leigekontraktar kulturskulen har per i dag.
Rådmann Øistein Søvik poengterte at ei slik løysing som fleirtalet skisserer, må ha lengre løpetid enn berre nokre år.
– Det kan ikkje berre vera for tre-fire år, og så står ein utan denne leiga til å dekka utgiftene, sa Søvik, som til svar fekk ti fingrar i veret av varaordførar May-Eva Sandvik.
Noko nærare svar på løpetida for ei slik kjellarleige fekk ikkje rådmannen, som no skal greia ut spørsmålet vidare fram til kommunestyremøtet i februar.
Eit steg vidare for «Gullvegen»
Alliansen bak Sambandet Vest imøteser god støtte frå fylkestinget, som skal uttala seg om Regional Transportplan til sommaren.
Blant Hareides topp tre
Knut Arild Hareide er imponert og stolt over kor mange KrF-arar Nordhordland har i den politiske leiinga.
Frå sofasyklist til sprek sykkelavisredaktør
LINDÅS: Som småfeit reklamemann på 50+ utan jobb, tok Karstein Vabø pedalane og pc-en fatt og skapte seg sin eigen arbeidsplass.
Kjørte på land i fylla
LINDÅS: Ein berusa båtførar kjørte i halvellevtida laurdag kveld på land med eit brak i Vallevika ved Seim. Mannen vart utruleg nok ikkje skadd.
Siste kortnytt
- Fire beltegebyr på Fedje [22.02.12 15:38]
- Fekk dårleg samvit [22.02.12 15:38]
- Fyrverkeri på bensinstasjonen [21.02.12 10:22]
- Åtti i femtisona [21.02.12 10:21]
- Utforkjøring på Lauvås [18.02.12 21:51]
- Brosvik ny leiar i Gulen KrF [15.02.12 16:12]
- Elevdyst i sveisefaget [15.02.12 16:18]
- Overtek ny veg i Litlebergen [15.02.12 16:08]
- Stadvis svært glatte vegar [15.02.12 09:40]
- Opprykk for Masfjorden [13.02.12 18:28]
- Krimdominans på utlånsliste [13.02.12 18:22]
- Hjellebollar i Knarvik [13.02.12 18:19]
- Maurstad også til Fedje [08.02.12 18:34]
- Kulturskulen i Lindås på nett [08.02.12 18:24]
- Ny runde for Sæbørevyen [08.02.12 18:23]
- Traktor i grøfta [06.02.12 12:55]
- Pågripen med narkotika [03.02.12 15:29]
- Stoppa tvilsam mopedist [03.02.12 12:57]
- Kjørte utfor [03.02.12 10:05]
- Truleg hjartesvikt bak dødsulukke [03.02.12 14:51]
Mest lest
- Dødsulukke i Hjelmåstunnelen [08.02.12 15:19]
- Politi på fisketur [09.02.12 18:43]
- Trafikksmell på Lindås [15.02.12 14:09]
- Skal det vera ein ubåt? [06.02.12 13:08]
- Må fjerna fire tiltak eller få bot [09.02.12 09:58]
- Hadde narkofabrikk heime [06.02.12 13:10]
- Evas private spa [18.02.12 17:34]
- Ellevill NM-jubel [14.02.12 09:17]
- Men gjerdet var lovleg likevel! [15.02.12 16:06]
- Ny ørkenvandring for Knarvik-kyrkja [09.02.12 18:54]
- Har overteke Bestefarstova [31.01.12 11:44]
- Omkom i dykkarulukke [30.01.12 11:33]
- Leiteaksjon ved Haglsundbrua [17.01.12 14:19]
- Til toppjobb i Bergen [26.01.12 10:47]
- Protesterer mot «tvilsam» ankring [02.02.12 10:32]
- Kjørte på land i fylla [19.02.12 00:21]
- «I Nigeria då bilen vart stolen» [17.02.12 17:17]
- Tre mistenke for fyllekjøring [30.01.12 10:29]
- Fekk krympa Lindåshallen [31.01.12 12:02]
- Brassfest i Bergen [11.02.12 13:34]
Mest tipset
- Starta nynorsk på Facebook [05.09.08 18:04]
- Bil og båt totalskadde i brann [14.01.08 15:18]
- Milano, New York, Frekhaug [13.01.08 01:23]
- Trillingmor in spe tolmodig ventande [28.11.07 18:51]
- «Alt hva fruen ønsker» [17.02.11 12:45]
- Fann sex-leikeplass i skogen sin [15.11.07 13:52]
- «Vesle-jenta» funnen uskadd [22.07.08 17:51]
- Stormflo fleire stader [25.01.08 18:06]
- Jonnaen-stipend til Ingrid Ryland [09.06.08 19:01]
- Kvinne skadd i utforkøyring [18.09.08 12:37]





