Gummibåt i feil naust

LINDÅS: Ein ukjent gummibåt har plutseleg dukka opp i eit naust i Alversund.

[18.05.12 11:03]

Trafikkuhell ved Matre

MASFJORDEN: Ein bilførar fekk 17. mai om kvelden eit illebefinnande då han var på veg opp tunnelane frå Matre mot Haugsvær, men klarte nesten å stoppa bilen.

[18.05.12 11:02]

Med promille i Salhusfjorden

Natt til 18. mai måtte politiet henta i land ein fritidsbåt i Salhusfjorden med fire berusa personar om bord.

[18.05.12 10:40]
Brukernavn 
Passord 

Bill Clinton på Fløksand

Del | |
Bill Clinton pakka golfkøllene sine og reiste ut til Fløksand for å spela golf i dag.
Publisert 22.05.07 00:00
Endret 20.08.07 10:49
Bill Clinton så ut til å vera i godt humør då han spela golf på Fløksand i ettermiddag, tysdag. Før han sende ballen ut på bana, tok han nokre prøveslag og kom med kommentarar. Første slaget var ikkje heilt vellukka og gjekk ut på kanten av bana, men han tok seg inn att. Journalistar og andre tilskodarar fekk berre vera med på utslaget på hol ein. Då han og følgjet hans gav seg ut på bana i tre golfbilar, måtte tilskodarane stå att.

Hemmeleg
? Me fekk vita alt i går at Clinton skulle koma hit, men det var strengt hemmeleg, seier Iestyn Jones til Strilen.
Jones er tilsett på golfbana, og han fortel at dei hadde vanleg tilsyn på bana denne morgonen, ikkje noko ekstra.
? Bana var for våt til å gjera noko meir, seier han.
Jones tykte Clinton hadde bra sving på golfkølla, og at det viste at han hadde spela ein del golf før.
Ein mann i følgjet til Clinton seier til Strilen at Clinton prøver å få seg eit slag golf på reisene sine viss der er ei golfbane i nærleiken. Elles var han ikkje så snakkesalig og gav uttrykk for at media burde koma seg bort.
? Dette er eit privat besøk, og no har de fått bilda dykkar, sa han.

Overraskande
For dei som spelte golf på bana, kom det celebre besøket ganske overraskande, men det samla seg ein del tilskodarar då Clinton begynte å spela. Naturleg nok hadde det også samla seg ein god del pressefolk både frå aviser, radio og fjernsyn. Etter at Clinton og følgjet forsvann ut på bana, helt treninga på øvingsbana fram nesten som normalt.
Eks-presidenten sjølv var ikkje tilgjengeleg for spørsmål.
Bill Clinton kjem til Bergen for å halda føredrag i Grieghallen i kveld.

Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Verdsstjerne i mål for Hordabø-damene

Cecilie Leganger har vunne det meste som handballkeeper. Fredag dekka ho målet for Hordabø sine fotballdamer.

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    Samla 250 underskrifter for heving av kvikksølvet

    MASTREVIK: Tett oppunder 250 sette meir enn gjerne namnet sitt på Austrheim venstre si liste for kvikksølvheving i helga.

      – Spesielt å stå på toppen

      – Spesielt å stå på toppen

      Masfjordingen Arvid Lathi nådde toppen på Mount Everest laurdag morgon.

        Lindås-Bør bør opplevast

        Lindås-Bør bør opplevast

        Salen med frå første sekund då Lindås Ungdomslag gjorde Bør Børson Jr. til stril.

          Hipp hipp hipp hurra!

          Hipp hipp hipp hurra!

          Litt regn bryr ikkje Victoria (8) og Samuel (11) seg om.

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            «Halve» bygda stiller som nattevandrarar

            MELAND: Rossland er ei lita bygd, men foreldre fryktar at drikking og hærverk skal bre om seg. Måndag stilte 80 vaksne på kurs for å bli nattevandrarar.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler